Eitt nytt smittetilfelle

Det er registrert éin ny person som har testa positivt for korona det siste døgnet. Den smitta er knytt til Austrheim barnehage.

Det opplyser Gloppen kommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Det er i dag sju personar i isolasjon i kommunen.

Totalt 114 personar er blitt smitta med koronaviruset sidan utbrotet starta 22. oktober.