Éi positiv prøve av 193 analyserte

Helse Førde melder om éin ny positiv koronatest torsdag morgon. Den var frå Sunnfjord kommune.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse, understrekar helseføretaket.

Innlagde pasientar per dato med stadfesta covid-19-smitte: 1

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimeverande eller sjukmelde tilsette pga. korona: 3 (av om lag 3000 tilsette)

Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 6 (av om lag 3000 tilsette)