- Har ikkje statsminister Jonas Gahr Støre og ordførar Jenny Følling anna å bruke tida si til, enn å motivere det norske folk til auka alkoholbruk, spør Odd Skrede i dette innlegget.

Utvida skjenketider under VM i fotball = forkasteleg

Eg er ikkje avhaldsmann, men å blande alkohol og idrett må vere feil.

Norge er kvalifisert til VM i fotball, og deler av folket går av hengslene. Norge er no berre kvalifisert til å delta i fotball-VM for første gong på 28 år. Og det er ikkje VM i øldrikking som skal føregå, ordførar Jenny Følling.

Norge har hatt mange verdsmeistrar på desse 28 åra gjennom andre idrettar som friidrett, langrenn, hopp, handball, sjakk, m.v., men folka har ikkje gått av hengslene og ropt etter utvida skjenketider for dei skal sjå på fotballkampar på pubar og andre skjenkestadar.

Kan ein ikkje sjå fotballkampar utan alkohol, og må ein absolutt vere samla på ein skjenkestad? Jau, for slik er kulturen i England, med fotballpubar, alkohol konsumert i store mengder saman med kompisar. Slik må vi ha det i Norge òg, vert det hevda av dei mest frelste.

Ei spørjeundersøking om utvida skjenketider viser: 56% nei, 37% ja og 7% inga meining. Det er ikkje så valdsam oppslutning som ein skulle tru blant dei mest ølhungrige jallaropa. Er fagforeningane og dei tilsette innanfor Hotell- og Restaurantforbundet førespurte? Dei som må ta ekstrabelastninga med ubekvem arbeidstid og stress. Det er folk på golvet som må ta belastninga, for at andre skal feste. Ja, det er å feste eg kallar dette, når alkoholen skal vere det framtredande ved dette fotball-VM.

Einar Solheim har i Firda av 19.03.26 eit godt lesarinnlegg: Kommunen kan seie nei til utvida VM-skjenking.

Han har mange gode argument. Alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår i befolkninga. Alkoholforbruk fører med seg store kostnader til behandling av sjukdom og skadar. I tillegg kjem kostnader knytte til omsorgssvikt, ulykker, vald, kriminalitet og andre tredjepartsskadar. Ja, dette må vere noko å tenkje på. Så skal politikarane i neste omgang bøte på alkoholskadane med økonomiske løyvingar og kampanjar for alkoholvett.

Så er VM i fotballfest i full gang. Mannfolka (det er vel mest av dei) samlar seg på utestadane. Her skal det vere moro og høge jallarop med alkohol i sentrum av idrett/ fotballkamp. Åhå. Det er Norge i fotball-VM for første gong på 28 år. Tenk, kvalifisert.

Heime sit ungane og ser på TV, truleg dei same kampane. Kona/sambuar går gjerne litt uroleg heime. Og tenkjer; i kva forfatning kjem mannen heim i kveld? Det kan vere så varierande. VM-kampane går midt i veka. Det er arbeidsdag dagen der på. Etter 2-3 timars søvn, må ein stå opp. Litt tung i hovudet og trøytt, men elles bra. Eg pleier køyre bil til arbeid.

Kan eg gjere det i dag? Ja, det er no så kort veg at eg gjer det, tenkjer ikkje på «dagen der på-rus». Den har mange bomma på. Men politiet er sikkert ikkje ute i dag. Eg køyrer som vanleg. Rundt svingen, j…u stod politiet der. Følgjene vart dei verste. Fotball-VM på puben vart ein dyr lærepenge. Eg skulle sett VM-kampen heime med borna. Det var no same sendinga.

Har ikkje statsminister Jonas Gahr Støre og ordførar Jenny Følling anna å bruke tida si til, enn å motivere det norske folk til auka alkoholbruk, som er den mest øydeleggande for folkehelsa, då bør dei vurdere å kaste inn handkledet og levere inn att nøklane.

Odd Skrede, Førde

Powered by Labrador CMS