Utandørs på fjellet er det lett å halde tilstrekkeleg påskeavstand. Er ein innandørs med andre enn eigen husstand, gjeld det å hugse meteren. Arkivfoto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Dette er reiseråda for påska

Regjeringa presenterte 12. mars tiltak og råd for påskeferien i år. Dei gjeld fram til 7. april. Lokale forskrifter kjem i tillegg.

* Kjem du frå ein kommune med høg smitte og strenge reglar, må du òg følgje desse reglane der du held til påska.

* Det blir ikkje hytteforbod, dersom ein er påpasseleg med smittevern. Unødvendige reiser skal unngåast.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ein kan reise på hotell innanlands, men må halde avstand til andre gjester.

* Personar som kjem frå kommunar med høgt smittenivå, bør ikkje reise på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.

* Personar som ikkje kjem frå same husstand, må halde minst éin meters avstand.

* Overnattingsbesøk er ikkje tilrådd.

* Unngå fleire enn ti kontaktar i veka.

* Unngå besøk av meir enn fem personar.

* Gjer innkjøp heime før du dreg på hytta.

* Unngå kontakt med andre menneske på reisa og under opphaldet.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Unngå kollektivtransport viss mogleg.

* Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan ha overnattingsbesøk av éin eller to faste venner.

* Unngå serveringsstader og andre stader der det lett kan vere trengsel og er vanskeleg å overhalde ein meters avstand til andre.

* Ein kan besøkje alpinanlegg, men unngå trengsel og følg smittevernreglane.

* Det blir sterkt tilrådd at alle held seg i Noreg og ikkje reiser utanlands i påska.

* Alle som kjem heim frå unødvendige fritidsreiser til utlandet, må på karantenehotell fram til dei har framvist negativ test, tidlegast på dag tre.

* Hald deg heime viss du er sjuk, og ikkje dra nokon stad viss du er i karantene eller ventar på testsvar.

* Alle påskeråda kan ein lese om på regjeringa.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Det blir ikkje hytteforbod dersom ein er påpasseleg med smittevern, heiter det frå regjeringa, om påskeferien. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK