SV-leiar Audun Lysbakken i samtale med nestleiar Kirsti Bergstø under eit landsstyremøte i SV i 2020. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Desse deltek i sonderingane

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sender to personar kvar til sonderingane på Hurdalsjøen Hotell.

Onsdag vart det avklart at SV sender partileiar Audun Lysbakken og nestleiar Kirsti Bergstø til sonderingane, som byrjar torsdag.

Dermed har alle dei tre partia bestemt kven som skal delta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ser fram til sonderingane på Hurdalsjøen, og vi jobbar for at ei ny regjering skal få ein kraftfull politikk for å få ned forskjellane og for å få bukt med miljøkrisa, seier Lysbakken.

Frå Arbeidarpartiet deltek partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik.

Senterpartiet sender partileiar Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad.

(©NPK)