Bjørn Gimming, leiar av Noregs Bondelag.

Bondelaget har fått mandatet 

Meir norsk mat er naudsynt for å nå Stortingets sjølvforsyningsmål, meiner Bondelaget. Jordbruksforhandlingane skal vere ferdige seinast 16. mai.

Publisert

– Matberedskap blir bygd kvar dag på norske gardar. Ved å styrkje planteproduksjonen og halde husdyrproduksjonen oppe i heile landet, byggjer vi også tryggleik for befolkninga i ei meir uføreseieleg verd, seier leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, i ei pressemelding.

Utspelet kjem etter at resolusjonen frå representantskapet i Norges Bondelag vart klar torsdag. Resolusjonen peikar ut retninga for kva laget sitt forhandlingsutval skal leggje vekt på i dei kommande jordbruksforhandlingane. I forhandlingane forhandlar jordbruket med staten om inntektsmoglegheiter og rammevilkår for bøndene.

Representantskapet ber om ei tydeleg satsing på norsk matproduksjon, auka sjølvforsyning og styrkt matberedskap. Dei peikar også på at klimaendringar, geopolitisk uro og meir usikre handelsforhold gjer det nødvendig å utnytte norske ressursar til matproduksjon betre. Bondelaget meiner i tillegg at jordbruksoppgjeret må gi økonomisk rom til nødvendige investeringar og utvikling av produksjonen.

Ifølgje pressemeldinga understrekar representantskapet at auka matproduksjon, betre beredskap og klimatiltak må utviklast samtidig.

I vekene som kjem blir kravet frå jordbruket utarbeidd. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag presenterer kravet 29. april, og forhandlingane skal vere ferdig seinast 16. mai. (©NPK)

Powered by Labrador CMS