Kvart år blir nesten 1.000 hjort påkøyrde på norske vegar. Foto: Robert Schlesinger/NTB/NPK.

Blinkande hjorteskilt skal få kollisjonsfaren ned

Kvart år blir nesten 1.000 hjort påkøyrt av bilar. Nye, digitaliserte skilt skal få talet på hjortekollisjonar ned.

– Vanlege viltskilt har null effekt, siger Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter til NRK.

Sidan 2017 har han vore prosjektleiar for eit forsøk med «dynamiske hjorteskilt» i Sogn og Fjordane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skilta har lys som byrjar å blinke når hjortefaren statistisk sett er størst. Dei nye skilta skal evaluerast denne våren.

I 2019/2020 var det 918 hjort-påkøyrsler, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Nesten 400 av kollisjonane skjedde i Vestland fylke.

(©NPK)