- Folk var snille som tok imot oss. Eg har berre godt å seie om innbyggjarane i Gloppen. Vi følte oss aldri uvelkomne eller som inntrengjarar, seier Randi Kristensen. (Foto: Jarle Mjøen, Altaposten.)

Blei tvangsevakuerte frå Finnmark - fann hjarterom og husly i Bukta


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod på trykk i sogebladet Ljøren 2011.





- Vi hadde det veldig godt på Sandane, alle var så snille med oss, seier Randi Kristensen (80) frå Tverrelvdalen i Alta. Saman med over 80 andre kom ho til Sandane og Bukta etter at tyskarane brende ned Finnmark i 1944.

Hausten 1944 var Tyskland pressa på mange frontar. I nord var russarane i ferd med å trengje over grensa og inn på norsk jord. Før tyskarane trekte seg tilbake, sytte dei for å leggje alt aude bak seg. Ingenting skulle vere att til fienden. Resultatet vart tallause branntomter og ruinar - og tusenvis av menneske på flukt.

Til Bukta


Over 80 av finnmarkingane som vart tvangssende sørover enda opp i Bukta. Dei fleste av desse var frå Alta. Flyktningane vart spreidde rundt på gardsbruka på Mardal, Fitje og Søreide. Til og med delar av Mardal skule vart teken i bruk for å hyse dei nye "innbyggjarane".

Ikkje uventa er det slektskap som er årsaka til at så mange enda opp på eit relativt lite geografisk område fleire tusen kilometer heimanfrå. På slutten av 1800-talet reiste nemleg Bertil Olai Mardal (1862-1927) frå Rasmusbruket på Mardal nordover til Tromsø for å gå på lærarskulen. Som nyutdanna gjekk ferda vidare til Alta og Tverrelvdalen. Der slo han seg ned, stifta familie og bygde opp ein stor gard. Seinare kom nevøen Anders K. Mardal også til Alta.

Slektskapen med og kjennskapen til dei to mardalskarane skulle syne seg å kome godt med for mange i Alta og omegn då tyskarane beordra Finnmark lagt øyde. Sjølv om reisa var lang, var over 80 personar så heldige å få kome til Gloppen. Også her var det tøffe tider med rasjonering og mangel på mykje, men tilhøva var trass alt langt betre enn i Finnmark.

- Nifst


Randi Kristensen, f. 1931, er mellom dei som framleis hugsar godt korleis det var å bli jaga frå heimen, reise sørover langs kysten og ende opp i Gloppen. Tanta hennar var nemleg gift med Anders K. Mardal, og heimtraktene hans blei eit naturleg reisemål for den heimlause familien. Både reisa sørover og hendingar på den nye heimstaden gjorde sterkt inntrykk på ein 13-åring og sit godt spikra fast i minnet.

- Hausten 1944 var uvanleg mild og fin. Det hadde vore snø, men den var tina vekk, og poteter, grønsaker og bær var komne i hus. Det var ei dyster tid med mange flyalarmar og mange bombeangrep på det tyske slagskipet Tirpitz som låg i Kåfjorden. 15. september skulle tyskarane vere ute av Finland. Då rekna vi med det blei bombing, og det blei det. To gongar den dagen var det som om himmel og jord eksploderte. Flak av russiske og engelske bombefly kom over oss. Det var ei vond tid med mykje redsle, minnest Randi.

Men det skulle bli mange redselsfulle dagar og netter også seinare den hausten. I førstninga av november kom meldinga dei hadde venta på: Dei måtte reise sørover.

- Det var nifst å sjå dei tyske soldatane kome køyrande på motorsyklar med sidevogn. Soldatane kom inn på kjøkkenet vårt heime i Tverrelvdalen og sette opp ein stor plakat om at alle skulle reise, fortel ho.

Gardar i lys loge


Om morgonen den 6. november skulle familien vere klar til evakuering.

- Det skulle kome bussar og hente oss. Heile familien, mor, far og sju born, den yngste berre fem år, stod ved vegen heilt til klokka var fire om ettermiddagen. Då vart vi køyrde dei kring to mila til Bossekop. Der vart vi innlosjerte i tome hus, folk var sende sørover. Etter eit par dagar der, gjekk ferda til Bukta i Alta der det låg eit tysk troppeskip som vi gjekk om bord i. På brua stod politiminister Jonas Lie og ønskte oss velkomne. Vi var kring 750 evakuerte pluss tyske troppar om bord på turen til Tromsø, fortel Randi.

Ho såg ikkje deira eigen heim bli brend, men på turen utover Altafjorden kunne dei sjå gardane langs strendene stå i lys loge. Frå Tromsø gjekk turen vidare sørover med hurtigruta til Mosjøen. Der møtte dei att mange kjende frå Alta. På vegen vidare i retning Nordfjord var det stogg i Melhus, Åndalsnes, Vestnes, Ålesund og Volda.

- Via Nordfjordeid kom vi til Stryn. Siste etappe til Sandane var med buss. Klokka halv ti om kvelden den 24. november var vi på Sandane. Kåre Mardal og Ågot Johannesen Mardal kom og møtte oss. Vi spaserte etter hesten til Fitje, der vi skulle få bu, seier Randi Kristensen.

Uutsletteleg inntrykk


I følgje Randi var det totalt 84 finnmarkingar som budde i Bukta vinteren 1944-45. Mellom desse var Gudmund Opgård, f. 1934, barnebarn av Bertil Olai Mardal. Han eig i dag garden Bertil Olai bygde i Tverrelvdalen.

- Eg var ti år og hugsar godt at vi vart jaga frå heimen vår. Vi blei sende med ein tysk tankbåt til Tromsø, og var der nokre døgn, mellom anna då Tirpitz blei senka ved Håkøya den 12. november. Eg hugsar døde tyske soldatar blei frakta i land. Vi reiste vidare sørover i båtar til Trøndelag. Derifrå måtte vi sørgje for transport sjølve. Via Stryn kom vi til Mardal og Rassbruket der bestefar var i frå, fortel han.

Også Ingeborg Lie, f. Opgård, 1932, søster til Gudmund, hugsar godt opplevingane hausten 1944.

- Då vi høyrde rykte om tvangsevakuering, reiste vi til fjells, vi tenkte vi skulle sleppe unna. Far vår arbeidde i skiferbrotet, og vi budde i ei hytte der i ei vekes tid. Vi måtte halde oss innandørs for ikkje å bli oppdaga. Vi hadde lånt noko ull av ein nabo, og eg blei beden om å gå ned att i bygda og levere ulla tilbake. Då eg kom ned til det øvste huset i Tverrelvdalen, eit hus det budde samar i, kom tyskarane. Dei jaga samane ut og tende på huset. Det same skjedde med det neste huset eg kom til. Eg fekk melding om å gå heim, fortel Ingeborg.

Då ho kom heim, var resten av familien allereie komen heim att.

- Rett etter at eg var gått frå hytta ved skiferbrotet, hadde tyskarane kome, jaga ut dei som var der og sett fyr på hytta, seier Ingeborg og kan framleis sjå føre seg at gardane langs Altafjorden stod i brann då båten dei reiste med seig utover fjorden:

- På begge sider av fjorden brende dei husa. På dekk stod eldre menneske og song saman. Det gjorde eit uutsletteleg inntrykk.

Budde på to rom


Randi Kristensen og familien hennar skulle få bu på Larsbruket på Fitje. Der venta gardbrukar Jakob A. Fitje og ti andre. Jakob hadde sagt ja til førespurnaden om å ta imot ein familie frå Finnmark. Med dei ni finnmarkingane var dei brått 20 under same tak.

- Då vi kom fram, fekk vi nydeleg mat og ei god seng å sove i. Gjett om vi var trøytte etter tre veker med lite søvn og mange inntrykk, minnest Randi.


I dette huset på Larsbruket på Fitje budde det elleve personar då Jakob A. Fitje hausten 1944 sa ja til å ta imot ein flyktningfamilie frå Finnmark. Vinteren som følgde budde 20 personar under same tak. (Foto Aadne Gloppestad hausten 2011.)

På Larsbruket disponerte familien frå Finnmark ei stove og eit mindre rom som blei brukt til kjøkken.

- Eg hugsar at far kjøpte ein Grepa-komfyr til oss, det måtte vi ha. Vi fekk eigne rasjoneringskort og åt for oss sjølve, men om det var noko ekstra, hende det at vi åt i lag med familien som budde i huset, seier Randi Kristensen og fortel at ho og dei yngste søskena tok til på Mardal skule etter nyttår i 1945:

- Vi hadde Ragnar Rygg som lærar. Ein gong mange år seinare var eg på Sandane. Då sa Marta Ølnes til meg at «der er gamlelæraren din. Du må gå bort og helse på han». Det gjorde eg.

Randi kom til Sandane saman med mor, far, tre eldre og tre yngre søsken. Medan familien var i Gloppen, arbeidde faren i skogen med å skaffe fram ved til kyrkja og prestegarden på Vereide. Den eldste broren var reverøktar i farmen til Karl Mardal, og dei to eldste søstrene, som var ferdige med folkeskulen, fekk arbeid på pleieheimen.

Godt brød


Gudmund Opgård, Ingeborg Lie, foreldra og dei fem søskena deira, samt onkelen Reidar og tanta Lovise med to born, i alt 13 personar, fekk husrom på Rassbruket på Mardal.

- Kristen P. Mardal, budde på bruket saman med søstrene Ingeborg, Kristense, Maria og Anna. Etter at vi kom, blei vi i alt 18 personar i den heimen, men for oss var det som å kome til himmelriket. Vi hadde mat nok, og brødet var fantastisk godt. Eg trur ikkje eg nokon gong har ete brød som har smakt like godt som det brødet vi fekk den kvelden vi kom dit etter fleire veker på reise. Det var herleg, seier Gudmund.

Ingeborg hugsar det var veldig spennande for ei tolv år gamal jente frå Tverrelvdalen å kome til Gloppen.

- Vi følte oss veldig velkomne. Morfar var derifrå, så vi kom til familien. Søskena på Rassbruket hadde gjort mykje for å ta godt imot oss. Det var herleg å få vaske seg skikkeleg, kaste av oss kleda vi hadde hatt på i tre veker og gå til dekka bord, fortel ho.

Til liks med broren hugsar ho at brødet som blei servert i Rass den første kvelden smakte spesielt godt.


På Rassbruket på Mardal budde fem søsken i 1944. Dei takka ja til å hyse 13 slektningar frå Finnmark over vinteren. (Foto Aadne Gloppestad hausten 2011.)

- Det var så godt. Det gjekk med mykje mat i det måltidet, seier ho og trekkjer fram fleire minne frå tida på Mardal:

- Vi budde i den eine stova. To uinnreidde rom på loftet blei gjort ferdige av far og brørne mine. Etter at vi fekk dei, hadde vi god plass. Elles var det koseleg å sitje på kjøkkenet og prate med søskena i Rass, vi kom godt inn i miljøet. Og så var vi mykje saman med Mykland-syskena Bjarne, Edit, Ingulf og Jofrid. Vi vart også inviterte rundt til slektningar i Bukta.

Ein prestasjon


Med over 80 flyktningar buande på eit relativt lite geografisk område, kan vi nok trygt slå fast at folketettleiken i Bukta aldri har vore så stor som han var vinteren 1944-45. Men etter det vi kjenner til, oppstod det aldri problem som følgje av at folk gjekk litt oppå kvarandre i mange heimar. Det var ei tid då ein var nøgde med lite, å hjelpe slektningar og landsmenn i naud var heilt naturleg, og å gjere det beste ut av det var kvar og ein si simple plikt.

Per Mardal, f. 1931, er mellom glopparane som hugsar godt korleis det var å få heimgrenda full av folk frå Nord-Noreg.

- Det kom melding om at det skulle kome kring 80 personar nedover. Med det same trudde ein talet var feil, og at det var åtte som var meint, men talet vart stadfesta å vere 80. Det var ikkje berre berre å ta imot så mange med dei husa og ressursane som fanst her på den tida. Eg vil seie det var ein prestasjon av buktarane å greie å hyse så mange, seier han.

Per minnest at det vart innlosjert flyktningar i det eine av to klasserom og kammerset i Mardal skule. Skulinga føregjekk i det andre klasserommet.

- Det var ikkje spøk å vere lærar, finnmarkingane brukte både ei anna målform og hadde ei anna dialekt, men Ragnar Rygg takla det fint og skulle hatt blomar for det arbeidet han gjorde den vinteren. Ei tid var det snakk om at ein skulle bruke heile skulen til innlosjering av flyktningar og ta i bruk møbelverkstaden til skule, men det vart ikkje noko av. Ein kan vel trygt slå fast at situasjonen var ganske spesiell den gongen, men det heile blei ein stor dugnad, seier Per Mardal og minnest at Ågot, dotter av Bertil Olai Mardal, vitja Per si bestemor dagen etter at ho kom til Gloppen.

- Eg trur besta vart litt oppglødd av at ho vart ihugkoma, seier han.

Over heile Bukta


Bror til Per Mardal, Reidar, f. 1926, har også fleire minne frå den siste krigsvinteren.

- Eg hugsar at Ola K. Mardal på Sjøkringla kom opp til oss, sa at det kjem finnmarkingar og spurde om vi hadde husrom. Vi hadde ikkje så mykje plass ledig, så vi tok ikkje imot nokon, men vi stilte oss opne om det skulle bli problem, fortel han.

Finnmarkingane blei spreidde rundt i heile Bukta. Nokre på Søreide, nokre på Mardal, nokre på Indre Fitje og nokre på Ytre Fitje.

Arne Fitje, f. 1927, hugsar godt at broren Jakob sa ja til å ta imot flyktningar.

- Det var dei på Sjøkringla som kom og spurde om vi hadde plass til nokon. Eg hugsar eg stod i gangen den kvelden i slutten av november då dei kom. Eg visste det skulle kome nokon, men ikkje at dei var så mange. Dei fekk stova og eit kammers, vi hadde kjøkenet og fire rom oppe. Det var trongt, men merkeleg nok gjekk det bra, fortel han.

Berre murane att


I mai 1945 var krigen i Noreg over. I Bukta var det meir enn 80 flyktningar som ønskte seg heim til Finnmark. Men fylket var nedbrent og fullt av miner. Slett ikkje alle fekk reise opp att det første året.

- Ole, eldste bror min, far og dei to eldste systrene mine reiste nordover att kort tid etter at freden var komen. Mor og vi andre søskena blei verande på Sandane til året etter, fortel Randi Kristiansen.

Dei fire familiemedlemene som først tok den lange turen nordover, kom til ei branntomt der berre murane og skorsteinen stod att av det som ein gong hadde vore heimen deira.

- Før vi reiste frå Finnmark hadde far gøymd unna materialar som han sette opp ei lita stove av. Det var ikkje noko stort hus, men dei berga seg der den første vinteren. Etter kvart bygde vi større hus, seier Randi.

Sjølv vart ho verande i Gloppen fram til våren 1946.

- Eg var ferdig på folkeskulen i 1945, så vinteren etter arbeidde søster mi og eg litt på Bondeheimen på Sandane. Vi vaska der og fekk ei krone dagen i betaling, hugsar ho.

- Snakka nesten gloppar


Gudmund Opgård fortel at av familien i Rass, reiste far hans og to av brørne hans opp att etter straks etter at krigen var slutt.

- Mor reiste etter om sommaren, men kom ned att ilag med brørne mine til jul det året. Sjølv var eg tilbake i Alta 16. mai 1946, seier han.

Også dei i Gudmund sin familie som reiste nordover i 1945, vart møtte av eit sørgjeleg syn i Tverrelvdalen.

- Berre pipa stod att. Den første vinteren budde dei for det meste i eit militærtelt, etter kvart fekk dei sett opp ei stove laga av materialar frå flyplassen tyskarane hadde bygd i Alta, fortel han.

Ingeborg Lie kom ikkje heim før i 1947.

- Då var dei i ferd med å bygge nytt hovudhus og fjøs, seier ho og fortel at ho reiste tilbake til Sandane for å ta framhaldskulen.

Broren Ivar, som var fire år eldre, gjekk på Firda Landsgymnas. Totalt var Ingeborg fire år i Gloppen.

- Då eg reiste, snakka eg nesten gloppar, smiler ho.

Sterke band


Det er meir enn 60 år sidan innbyggjarane i Bukta fekk vitjing av over 80 heimlause finnmarkingar som var flyktningar i sitt eige land. Sjølv om det mange stader var trongt både om plassen og ressursane som trongst i eit hushald, opna lokalbefolkninga dørene og ønskte dei velkomne. Inntrykket ein sit att med er at både dei som kom og dei som tok imot sit med mange gode minne frå den spesielle tida.

- Vi hadde det godt og følte oss velkomne, er Randi Kristensen, Gudmund Opgård og Ingeborg Lie si klare meining.

Vi kunne ha prata med mange fleire av dei som opplevde det som skjedde i Finnmark og Bukta i 1944 og 1945, men dei vi har snakka med får stå som representantar for ei historie ikkje så veldig mange i dei oppveksande generasjonane glopparar veit om i dag.

Buktarane kan vere stolte av måten dei opna heimane sine og ønskte landsmenn i naud velkomne på. Framleis er det mykje kontakt mellom dei som kom og dei som gav. Etter det dei vi har snakka med har fortalt, verkar banda mellom Gloppen og Finnmark framleis å vere sterke. Mange frå Alta og omegn har vore på vitjing i Gloppen både ein og fleire gonger sidan 1945, og mange buktarar har teke turen nordover for å sjå korleis det gjenreiste Finnmark er blitt.





Bertil Olai Mardal og kona Anna Marie med borna Ågot, Lovisa, Ingeborg og Reidar. Biletet er utlånt av Gudmund Opgård.

Ein gloppar som sette spor etter seg


Hadde ikkje Bertil Olai Mardal reist nordover, utdanna seg til lærar og teke post i Alta, hadde det nok ikkje kome fleire titals finnmarkingar til Gloppen i 1944.

I Alta blir ikkje Bertil Olai sett på som nokon kven som helst.

Først tok han til som lærar på Elvebakken skole, der han også hadde ein liten hybel. Seinare fekk han arbeid ved skulen i Tverrelvdalen. Der kjøpte han også grunn og bygde opp garden Solbakken. Denne gjorde han til ein praktgard. Det går framleis gjetord om dugleiken og skaparevnene hans. Han eksperimenterte med ulike plantar, og fekk dei til å gro i det nordlege klimaet. Han planta mellom anna korn, men det skal ikkje ha blitt moge kvart år.

Å byggje gard berre med ei lærarløn var ikkje enkelt. Difor tok Bertil Olai Mardal seg ekstrajobb som revisor for Finnmark Amt for å spe på løna.

Bertil Olai var mannen bak etableringa av Tverrelvdalen Ungdomslag. Han fekk også danna ei jordbruksforeining og var med og stifta ei kyrkjeforeining.

Det er sagt at sjølv om glopparen fann seg godt til rette mellom dølene i Tverrelvdalen, lengta han alltid tilbake til Gloppen og Vestlandet. Ikkje minst kunne mørketida bli tung.

Som eit prov på den respekten Bertil Olai hadde i Alta, er ein veg, Mardalsveien, kalla opp etter han.


Mardalsveien i Alta er oppkalla etter Bertil Olai Mardal. Foto: Jarle Mjøen, Altaposten.





Fekk du med deg: Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
Tidlegare saker frå arkivet:
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017