Blei send rett til verkstad

Statens vegvesen gjennomførte tungbilkontroll på Kjøs torsdag.

Ein førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring.

Eit køyretøy hadde store sprekker i bremseskivene framme. Køyretøyet måtte køyre direkte til verkstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart skrive ut fire mangelappar på tekniske feil på køyretøy: bremser, frontrute, lys og dekk.