Bjørnis showar for små og store
Populære Bjørnis har endå ein gong kurs mot Sandane og Sandanedagane.
På fredagen i Øvregata kan små og store få eit kjekt møte med denne godlynte brannbamsen. Han stiller saman med folk frå Gloppen brann og redning i sine tøffe brannbilar, så her blir det tid og rom for ein prat om godt brannvern og førebyggande arbeid.
Ein tur inn i brannbilen kan også vere freistande, noko som det kan bli høve til. Bjørnis er flink til å gje born omsorg og tryggleik ved brann og andre ulukker, og har ikkje minst gode råd å kome med. Brannfolka tykkjer også det er kjekt å vere saman med denne populære bamsen i ei så positiv setting som Sandanedagane.
Det er berre på fredag like etter lunsj og utover at det vert høve til å oppleve denne populære og kloke Bjørnisen, så då gjeld det å stille på