Bibelkveldar i Sandane Bedehus
Fellesskapskyrkja og Møtepunkt B inviterer til ein serie bibelkveldar i Sandane Bedehus.
Desse kveldane skal fremje fellesskap, refleksjon og djupare forståing av Bibelen, og er opne for alle interesserte i lokalsamfunnet. Stadig fleire oppdagar at Bibelen er ei bok som er aktuell for vår tid og er grunnlaget for store delar av det den vestlege verda er bygd på.
Den har forma vestleg kultur, moral, litteratur og rettssystem gjennom hundrevis av år, og tilbyr tidlause prinsipp for etikk, rettferd og medmenneskelegheit. I ei tid då mange blir rotlause på grunn av oppløysing av normer og sanningar, er det mange som finn nytt fotfeste i møte med «Den gamle boka».
Bibelkveldane vil foregå annakvar onsdag fram til sommaren. Programmet inkluderer bibelundervisning og samtalar. Undervisninga blir fordelt på fleire frå begge forsamlingane. Målet er å skape eit inkluderande miljø der deltakarane kan dele tankar og styrke tru og fellesskap.
Vi er glade for å samarbeide om dette tiltaket, som vil gje innbyggjarane i Gloppen ei moglegheit til å utforske Bibelen på ein engasjerande måte.
Sandane Bedehus ligg sentralt på Sandane, og det er gratis inngang.
Om du har lese Bibelen i 50 år, eller aldri har opna den, så er du hjarteleg velkomen.
Fellesskapskyrkja og Møtepunkt B er to aktive organisasjonar i Gloppen kommune som arbeider for å fremje kristent fellesskap og aktivitetar for alle aldersgrupper.