Prisen på bensin nærma seg i periodar i august 20 kroner literen. Biletet vart tatt 7. august. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Bensinprisen har auka med 15 prosent det siste året

Snittprisen på bensin var i august 17,15 kroner literen. Det er 15 prosent høgare enn for eit år sidan.

Samtidig var augustprisen for blyfri 95 oktan i snitt 1,18 kroner høgare enn månaden før, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Bensinprisane har auka kvar månad sidan november i fjor. Då var snittprisen på 13,56 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein periode i august låg bensinprisen på rundt 20 kroner literen. I samband med dette sa kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K til Nettavisen at det er lite dei får gjort med det.

– Avgiftene er omtrent 60 prosent, som er ein betydeleg del av dagens pris. Kostpris, eller innkjøpsprisen vår, utgjer cirka 30 prosent. Det gjer at 90 prosent av prisen er utanfor vår kontroll. Cirka 10 prosent er vår del, og det skal gå til å dekkje alle kostnader til lagring og sal, og dessutan forteneste, sa Hansen.

SSBs statistikk viser òg at det i august vart seld 97 millionar liter bilbensin. Det er 3 prosent mindre enn i same månad i 2020.

(©NPK)