Benedikte Grov tek til som journalist i Firda Tidend i august.

Benedikte byter ut NRK med FT

Benedikte Grov (39) er tilsett som journalist i Firda Tidend. Ho tek til arbeidet i lokalavisa for Gloppen og Jølster i byrjinga av august.

Grov er busett på Sørstranda og arbeider i dag i NRK Vestland, der ho har vore tilsett sidan 2018. Tidlegare har ho mellom anna arbeidd i Cappelen Damm og Nynorsk Pressekontor. Ho har også vore innom Firda Tidend i eit par kortare periodar.

– Det er ikkje så ofte det blir lyst ut journalistjobbar i nærområdet, så eg tenkte at det var ei fin moglegheit. Eg har hatt det utruleg kjekt og lært mykje i NRK Vestland, men no baud høvet seg til ein jobb nærare heime. Eg har jobba i avisa tidlegare og veit at det er ein god plass å vere og trivelege folk også der. Det blir dessutan kjekt å «spesialisere seg» på Gloppen og Jølster, smiler Grov.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viktig oppgåve

Ho meiner lokalavisene har spelt og framleis vil spele ei viktig rolle.

– Lokalavisene dekkjer saker som betyr mykje i kvardagen til folk, om det dreiar seg om kor mange skuledagar ein skal ha for dei yngste, gondolplanar eller kommuneøkonomi. Her tenkjer eg Firda Tidend har ei viktig oppgåve i Gloppen og Jølster både no og i framtida, seier ho.

– Same arbeidsmåte

Benedikte Grov er ikkje redd for at det blir ein stor overgang å gå frå rikskringkastaren, der det er mykje fokus på radio og fjernsyn, til ei lita lokalavis der formidlinga skjer på nett og papir.

– Eg trur ikkje nødvendigvis det. Måten ein jobbar med journalistikk på er den same, uavhengig av kva plattform ein presenterer nyheiter på. Eg har kanskje jobba vel så mykje med nettartiklar som radio og tv, så eg trur ikkje overgangen blir så stor, slår ho fast.

– Har alle føresetnader

Redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad er svært godt nøgd med snart å få Grov på plass i redaksjonen på Sandane.

– Dei siste månadene har vi vore ein journalist for lite i ein frå før liten redaksjon, så vi ser verkeleg fram til å få Benedikte i aksjon. Ho er utdanna journalist, har brei medieerfaring og kjenner dekningsområdet vårt godt, så ho har alle føresetnader for å gjere ein framifrå jobb for oss og bidra til å utvikle avisa vidare, seier han.