Har sendt ut oransje farevarsel
Det er venta fleire jordskred i Vestland i helga, melder NVE. Dei sender no ut oransje farevarsel for heile fylket, i tillegg til delar av Rogaland.
– Fleire skredhendingar er venta. Nokre kan få store konsekvensar, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i eit farevarsel fredag.
Varselet gjeld for Vestland fylke og delar av Rogaland, nord for Stavanger, laurdag og søndag. Det er venta store nedbørsmengder i denne perioden.
Utsett busetnad kan bli ramma, og det er venta redusert framkome på veg og jernbane, heiter det vidare.
Meteorologisk institutt har skrive ut gult farevarsel om mykje regn og etterfølgjande flaum- og jordskredfare i Møre og Romsdal òg.
NVE rår folk til å halda seg unna bratte skråningar og bekker og elveløp med stor vassføring. Dei oppmodar til å halda vassvegar som kummar og stikkrenner opne for å unngå oppdemming og skred. (©NPK)