Nygård barnehage er nyleg sertifisert som EQ-barnehage.

Barnehagane har ordet: Langsiktig arbeid med kvalitet i relasjon

Etter mange år med målretta arbeid kring emosjonell kompetanse og systematisk relasjonsarbeid i personalet, gleder vi oss over at Nygård barnehage vart sertifisert som ein EQ-barnehage 20. august.

Publisert

Vi har arbeidd med desse verdiane sidan oppstarten av Nygård barnehage i 2009, og sidan 2019 har vi hatt direkte samarbeid med Eq-institute (EQI), tidlegare kjent som «Relasjonssenteret».

Ein grunnmur

Dei tilsette har satsa langsiktig og systematisk på dette arbeidet.

Vi veit at gode relasjonar og emosjonell tryggleik er grunnmuren i eit trygt barnehagemiljø. Difor har vi satsa langsiktig og systematisk på dette arbeidet.

* Styrar har fullført den 3-årige deltidsutdanninga som EQ-terapeut.

* To pedagogar har gjennomført 1-årig utdanning innan EQ-kompetanse.

* Alle tilsette har tatt kurset «Relasjonar med barn».

Må reflektere

Vi tek på alvor at tankar, kjensler og handling heng saman. Skal vi kunne manøvrere oss sjølve, borna – og «barnehageskipet» – i ønska retning, må vi stadig reflektere over kva vi «driv med», ikkje berre drive med. Utan denne navigasjonen havarerer vi lett – i ein barnehagekvardag som ofte er både samansatt og krevjande.

Vi må stadig reflektere over kva vi «driv med» - ikkje berre drive med.

Vi arbeider ikkje berre med relasjonane til barna – men òg med relasjonane innover i oss sjølve og mellom oss vaksne. Vi ser på oss sjølve som det viktigaste verktøyet i arbeidet med borna i barnehagen, og utviklar vår evne til å møte andre med tryggleik, omsorg og sunne grenser. Ingen ferdigkjøpte program kan gjere dette arbeidet for oss. Vi kjenner oss heldige som kan velje eit slikt fokus på jobb – det styrkjer oss òg i eigne liv. Relasjonskompetanse er ikkje berre ei fagleg ferdigheit, men ein livskompetanse.

Godt psykososialt miljø

Borna lærer å kjenne igjen og setje ord på eigne kjensler, og får hjelp til å utvikle evna til sjølvregulering. Dette er grunnleggjande, og er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet kring god psykisk helse og danning av eit sunt sjølvbilete.

Spesielt når sjukdom, stress og livet utfordrar oss i kvardagen, i barnegruppa, i kollegiet eller i foreldregruppa, er det viktig å vite at vi vil kvarandre vel. Då torer vi å snakke ope saman, og då kan vi bry oss om kvarandre. Då torer vi òg å gje kvarandre nødvendig tilbakemelding for utvikling og endring.

Vi ønskjer å byggje eit godt psykososialt miljø.

Vi ønskjer å støtte, løfte og byggje eit godt psykososialt miljø. Det gjev meining. Det gjev motivasjon.

Heilskapleg menneskesyn

Å arbeide etter prinsippa til ein EQ-barnehage handlar ikkje om ein metode, men om eit heilskapleg menneskesyn:

* Der vi møter barn og vaksne med respekt og anerkjenning.

* Der vi trur på at folk gjer sitt beste, små og store.

* Der det er viktig og meiningsberande å vere bevisste på eigne og andres kjensler, kunne gjenkjenne dei og ivareta dei hensiktsmessig.

* Der vi står trygt som vaksne med sunne grenser. Borna er likeverdige, men ikkje likestilte.

Ferskvare

Å arbeide etter prinsippa til ein EQ-barnehage handlar om å ha eit heilskapleg menneskesyn.

Dette samsvarer med våre verdiar: ubetinga kjærleik, respekt og omsorg for barna.

No for tida finst det så mange typar sertifiseringar. Å bli sertifisert som EQ-barnehage er ei stadfesting av eit fokus som vi står for, ei retning som vi vil prioritere framfor mykje anna, og dette vi vil fortsette å arbeide med i framtida.

Ingen kan «skilte seg» til kvalitet i relasjon, det er ferskvare som må skapast og takast vare på - kvar dag.

Powered by Labrador CMS