Kunnskapsminister Guri Melby (V) har avlyst årets skriftlege eksamenar i vidaregåande skular. Fleire er bekymra for at elevane dermed har store hol i kunnskapane og er dårlegare førebudde til vidare utdanning. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Avlyste eksamenar gir bekymring for hol i utdanninga

Etter at kunnskapsminister Guri Melby (V) måndag avlyste skriftleg eksamen i vidaregåande skule, er fleire bekymra for ringverknadene.

– Avlysinga av årets eksamen i vidaregåande skule bør få alarmen til å ringje hos universitet og høgskular, seier Live Olsen Hølmo, leiar i Econa Student, til NRK.

Econa er interesse- og arbeidstakarorganisasjonen for studentar, siviløkonomar og masterutdanna innan økonomisk-administrative fag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Problemet er ikkje om dei er klare for eksamen, men om dei fagleg er klare for høgare utdanning, seier ho.

Eivind Aabakken, leiar av Econas lokale studentgruppe ved Nord universitet, fryktar at fleire kjem til å droppe ut.

– Er dei ikkje klare for overgangen frå vidaregåande til universitet, må det innførast tiltak. Viss ikkje er det høgare risiko for at fleire droppar ut. Det er det ingen som ønskjer, understrekar han.

Kunnskapsministeren seier i ein kommentar at ho er klar over at skuleåret ikkje har vore ideelt og at mange elevar har hatt fleire periodar borte frå skulen, i tillegg til meir digital undervisning.

– Vi avlyser eksamen for å gi betre tid til å prioritere arbeidet med opplæringa fram mot standpunkt og av smittevernomsyn, sjølvsagt. Ikkje fordi vi er redde elevane ikkje har lært noko, seier ho.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier han forventar at universiteta og høgskulane følgjer opp alle studentane, og tek særleg godt imot førsteårsstudentane.

(©NPK)