Kristin Krohn Devold seier stemninga i reiselivsbransjen er på kokepunktet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Aukande kritikk mot reisestoppen

Regjeringa får kritikk for å halde oppe særnorske koronareglar. Det har ført til at Tyskland no har valt å halde oppe reiseåtvaringa mot Noreg.

Årsaka er at Noreg framleis stengjer grensene for tyske turistar, skriv Aftenposten.

Dermed er Noreg, saman med Spania og Sverige, blant landa i EU/EØS-området som tyskarar blir tilrådd å halde seg unna, ifølgje tyske medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg beklageleg. Tyskland har same smittebilde og like strenge tiltak som Noreg. Tyskarar er utruleg viktige for norsk reiseliv, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Krohn-Devold beskriv stemninga i norsk reiseliv som «på kokepunktet», særleg etter at Danmark denne veka opna for seminar med opp til 500 personar. I Noreg er grensa sett til 50.

Fredag eller måndag skal regjeringa etter planen presentere ytterlegare reiselettar for Norden og eventuelt for «andre nærliggande europeiske land».

(©NPK)