Auka medvit rundt lokal sjølvforsyning
Dei siste åra med tørke og pandemi har skapt ei aukande interesse for lokal matproduksjon og sjølvforsyning, meiner Nibio-rådgivar.
– Eg trur covid-19 har gjort oss alle medvitne på kor viktig det er med nasjonal sjølvforsyning og matproduksjon over heile landet. Tendensar til hamstring i byrjinga av pandemien viste at folk var redde for at det ikkje skulle bli nok mat til alle, seier Frøydis Gillund, seniorrådgivar ved Nibio, i ei sak på nettsidene deira.
Ho viser òg til at ein såg auka interesse for sjølvforsyning etter tørkesommaren i 2018.
Artikkelen held fram under annonsen.
(©NPK)