Preben Moen er tilbake som husfar på Gloppen Hotell. Han ser lyst på sommarsesongen, men er spent på konferansemarknaden utover hausten og julebordsesongen.

— Skal heve kvaliteten til nye høgder

Preben Moen er tilbake som husfar på Gloppen Hotell på heiltid. No hevar han blikket og vil gjere hotellet betre enn nokon gong.

I 2018 kjøpte Classic Norway det tradisjonsrike hotellet på Sandane. Eigar og drivar Preben Moen fekk då ei rolle som driftsleiar ved hotellkjeda sitt hovudkontor i Molde, med ansvar for fleire hotell i tillegg til Gloppen Hotell. No er han tilbake med fullt fokus på hotellet som står hjartet hans nærast.

Romslege eigarar

— Eg trengde nye utfordringar og var mykje på farten. No har eg forlova meg, skal byggje hus på Elvaneset og har lyst å kome tilbake. Eg har fått den erfaringa og den nye given eg trengde, så 1. februar tok eg over som husfar for Gloppen Hotell på heiltid, seier Preben Moen og legg til at han skjønte at hotellet hadde godt av å ha han meir til stades i den daglege drifta enn kva som har vore tilfellet dei to siste åra, og at valet om å seie opp stillinga ved hovudkontoret ikkje var særleg vanskeleg å ta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg vart derimot våren. I midten av mars blei hotellet stengt som følgje av koronapandemien.

— Det blei ein kjempesmell, men eigarane har vore veldig romslege i denne perioden. Vaktmeisteren og eg har ikkje vore permitterte. Vi har måla, lagt teppe og elles pussa opp. Vi fekk melding om at hotellet skal skine og at det berre var å pusse. Slike tider er det ein fordel med kapitalsterke eigarar, smiler Moen.

— Må gjere oss unike

Han håpar det har kome noko godt ut av stenginga, og har gjort endringar som han vonar skal gjere hotellet betre og meir attraktivt enn nokon gong før.

— Vi må gjere oss unike og satse på kvalitet framfor å dumpe prisane og lage eit dårlegare produkt. Det er like dyrt å lage dårleg som god mat i Noreg, understrekar han og legg til at det er laga eit nytt leiarteam på kjøkkenet.

Bodil Fjellestad er framleis udiskutabel kjøkkensjef, og veslebror Dag Håkon Moen er gjort til soussjef. Kokken Kenneth Kirkhorn er tilbake etter eit lite mellomspel på Nordfjordeid.

Mellom grepa som er gjorde, er omlegging av menyane.

— Vi har slite med å halde kvalitet og standard på a la carte-menyen på travle dagar og har kutta denne dei dagane. No køyrer vi ein fem-rettars meny som ein kan velje fritt frå. Denne vil variere frå veke til veke, fortel Preben Moen.

Dynamisk prissetjing

Nytt av året ved Gloppen Hotell er dynamisk prissetjing av rom.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Prisen blir justert etter etterspurnaden. Før hadde vi flat pris sommar og vinter. No blir prisane automatisk oppdaterte for kvart femtande minutt.

Hotellet dreg også nytte av Classic Norway si salsavdeling i Molde.

— Tidlegare hadde vi ei stilling som var kombinert mellom sal og andre ting. No sit tre seljarar i Molde og arbeider for oss og dei andre hotella i kjeda. Det gjev oss eit langt betre trykk på den biten, konstaterer husfaren.

– Ser lovande ut

Som alle andre innan reiselivsbransjen er Preben Moen naturleg nok spent på sommarsesongen.

— Den siste veka i mai og første i juni var betre enn i fjor. Noko av grunnen til dette er nok at konkurrentane i regionen opna opp att seinare enn det vi gjorde.

Så langt ser belegget i sommarmånadane svært bra ut.

— Det ser lovande ut, men vi må vere realistiske. Når skulane opnar att og kvardagen kjem tilbake, vil det bli vesentleg mindre trafikk. Då kjem dei store kjedene til å dumpe prisane. Konsekvensane av koronasituasjonen kan også bli store for konferansehausten og julebordsesongen, konstaterer Moen.

Næringstrafikk i ferien

Han opplyser at hotellet har teke inn færre tilsette til sommarsesongen i år enn i fjor, og at desse truleg kjem til å arbeide kortare utover hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit lyspunkt er det at hotellet har fått inn ein del næringstrafikk i feriemånaden juli, noko som slett ikkje er vanleg.

— Vi har fått inn booking frå eitt enkelt selskap for mellom 400.000 og 500.000 kroner for juni, juli og august. Det kjem meir av denne typen trafikk, noko som reddar oss i skuldersesongen. Elles har store verksemder i Gloppen kome bra frå koronaen, vi ser at det er bra trafikk knytt til Bano og Brødrene Aa.