NHO varslar oppseiingar i reiselivsbransjen

I ei ny medlemsundersøking frå NHO svarar 28 prosent av reiselivsbedriftene at dei har planar om oppseiingar som følgje av koronautbrotet.

37 prosent av hotell og overnattingsbedrifter planlegg oppseiingar, medan talet for servering og uteliv er 26 prosent. For campingbransjen er talet nede i 10 prosent, ifølgje undersøkinga som NHO Reiseliv la fram på eit frukostmøte tysdag morgon.

Reiselivsdirektør Kristin Krohn Devold varslar oppseiingar i bransjen framover.

Dersom ikkje permisjonsordninga blir forlengd ut oktober og gitt dagens økonomiske situasjon, fryktar halvparten av bedriftene at dei må seie opp tilsette, ifølgje undersøkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i at mange reiselivsbedrifter i Noreg melder om ein god sommar så langt, er det framleis mange permitterte i reiselivsnæringa. 40 prosent av bedriftene har permittert sine tilsette. 19 prosent har permittert 51 til 100 prosent av dei tilsette.

Svart haust

Kvar fjerde reiselivsbedrift fryktar konkurs, og kvar tredje fryktar oppseiingar. Etter tøffe tak for reiselivet i vår og sommar kan hausten bli svart, trur NHO.

Etter ein sommar som delar av bransjen blir karakterisert som eit lite pustehol, ser det utover hausten dystrare ut for reiselivet. Mange hotell og restaurantar har hatt god omsetnad i sommar på grunn av at nordmenn har feriert i eige land, men krisa er ikkje avblåsen.

– Vi skal vere ærlege med oss sjølve og seie at dette ikkje er ei krise som er over, men at vi står midt i krisa, sa NHO-direktør Ole Erik Almlid på frukostmøtet tysdag

– Er denne hausten og eventuelt òg våren ei stor utfordring for oss? Svaret er ja, sa han vidare.