Judith Kvåle, ordførar i Stad kommune
Judith Kvåle, ordførar i Stad kommune

Uttale om Stad Skipstunnel

Når nøkkeltala for Stad skipstunnel no er offentleggjorde, kjem debatten igjen til å dreie seg om kva som løner seg og kva som kostar. Men vi meiner at det er noko heilt anna som bør definere diskusjonen: korleis skipstunnelen faktisk styrkjer tryggleik for dei som har arbeidsplassen sin på Stad-havet, arbeidsvilkår, klima og framtidsretta næringsutvikling langs heile kysten. Investering i tryggleik veit vi løner seg – for kvar krone investert får ein 2,2 kroner attende.

Kystverket arbeider no vidare med både nye vurderingar og forhandlingar før våren si politiske behandling. Det betyr at avgjerda som no ligg føre ikkje berre er eit spørsmål om tal – men om kva Noreg vil byggje for framtida.

Sirkulærøkonomisk gevinst – eit masseplasseringsprosjekt med reell effekt

Stad skipstunnel er ikkje berre eit transporttiltak. Det er eit sirkulærøkonomisk prosjekt i stor skala. Steinmassane frå tunnelen vil bli nytta vidare i utvikling av hamneareal, næringsområde, sjøutfyllingar og klimavenlege byggeprosjekt. Infrastruktur som dannar ei heilt ny skipslei! Dette reduserer behov for uttak av nye massar, avgrensar klimagassutslepp frå transport og gir store lokale og regionale verdiar.

I ei tid der «bruk det vi allereie har» er ei av dei viktigaste klimareglane, gir dette prosjektet ein sjeldan sjanse til å vise korleis store statlege investeringar kan leggje grunnlag for sirkulær vekst – ikkje sløsing.

Ny skipslei – for heile flåten, ikkje berre nokre få

Med skipstunnelen får Noreg ei ny, sikker og føreseieleg skipslei som er tilpassa heile den tiltenkte flåten, inkludert Kystruten og Hurtigruten, som Kystverket sjølv understrekar i prosjektgrunnlaget. Dette er ikkje eit prosjekt for særinteresser; det er ei ny trafikkåre som opnar for meir stabil og miljøvenleg sjøtransport langs ei av dei viktigaste strekningane på kysten.

Stabil drift og redusert ventetid betyr òg mindre drivstoffbruk, færre avbrot og eit meir moderne og effektivt transportsystem – heilt i tråd med nasjonale mål for grøn omstilling.

Båreforholda på Stad – ei psykososial belasting som ikkje blir teken på alvor

Sjøfolka våre kjenner Stadhavet betre enn nokon annan. Her er det ikkje nok å sjå på vêrmelding. Båreforholda er så særeigne at ein i praksis ikkje veit kor krevjande passasjen blir før ein står midt i det. Det skapar kontinuerleg stress, uvisse og ei mental belasting som ofte blir undervurdert.

Skipstunnelen fjernar denne kjelda til uvisse. Den endrar ikkje berre ein risiko – den endrar arbeidskvardagen til menneska som faktisk sørger for at transporten langs kysten fungerer. Dei som har Stad-havet som fast arbeidsplass har pr i dag ikkje HMS, men HMF – Helse Miljø og Flaks. Vi har investert i arbeidsfolk sin sikkerhet på land i generasjonar, no må vi gjere det vi kan til sjøs.

Den solide miljøgevinsten

Når fartøy slepp lange ventetider og omsegling rundt eit av landets mest vêrutsette punkt, reduserer dei utsleppa betydeleg. Mindre drivstoffbruk, færre unødige manøvrar og færre dagar med motorane på tomgang for å halde posisjon er klare miljøgevinstar. I tillegg gjer ei trygg og stabil lei at meir gods kan flyttast frå veg til sjø – ei av dei mest kostnadseffektive utsleppsreduksjonane vi har.

Dette er ikkje symbolpolitikk, men eit konkret og målretta klimatiltak.

Vestland som motor i det grøne skiftet

Statsminister Jonas Gahr Støre har sjølv understreka kor avgjerande Vestlandet er for Noreg si grøne omstilling: «Enten lykkes Vestland, eller så lykkes ikke Norge.»

Skipstunnelen er eitt av dei prosjekta som faktisk viser denne samanhengen i praksis: tryggleik, industriutvikling, utsleppskutt og betre infrastruktur går hand i hand. Når statlege investeringar utløyser både sirkulærøkonomiske gevinstar og grøn sjøtransport, viser vi kva grøn industri faktisk betyr i praksis – og kvar dei store verdikjedene kan få feste.

Ei avgjerd som handlar om retning, ikkje tal

Stortinget har alt slått fast at arbeidet skal førast vidare, trass i tidlegare stoppforslag frå regjeringa. Kystverket arbeider no mot nytt styringsgrunnlag våren 2026. Prosjektet er modent. Behovet er dokumentert. Arbeidsplassane, tryggleiken og klimavinsten er reell.

Difor handlar debatten no ikkje om kva talet viser – men om korleis Noreg vel å møte framtida.

Vi meiner at valet er klart: Kysten treng skipstunnelen. Sjøfolka treng skipstunnelen. Klimaet tener på skipstunnelen. Og Vestlandet – motoren i det grøne skiftet – treng at Noreg faktisk gjennomfører.

Ordførar Stad kommune, Judith Kvåle 

Ordførar Kinn kommune, Bengt Solheim-Olsen

Ordførar Vanylven kommune, Paul Sindre Vedeld

Powered by Labrador CMS