Tida for luftslott er over
Gul stripe på heile E39 og langt betre fylkesvegar er viktigare enn nye og dyre motorvegar og ein ferjefri E39. Dette er hovudbodskapen til ein heilt ny og uvanleg allianse, som Bergens Tidende omtala torsdag.
Her har miljørørsla slått seg saman med Norsk Lastebileigarforbund og LO-organisasjonane til dei som jobbar innan transport i nettverket Stavanger2Trondheim – E39 Gul stripe. Namnet er inspirert av Stavanger2Bergen, ein lobbyorganisasjon som jobbar for å få køyretida mellom Bergen og Stavanger ned i to timar.
Dei planane inkluderer Hordfast, eit motorvegprosjekt til over 54 milliardar kroner, med ei gigantisk bru frå Os til Tysnes og ny E39 vidare mot Stord. Begge Vestlandspakkane til denne gruppa, med ferjefri E39, har ein førebels pris på ufattelege 133 milliardar kroner. Vi seier førebels, for det viser seg at kostnadane stig med ubegripelege summar for kvar gong dei vert reviderte.
Det står i dag igjen 50 km utan gul stripe på E39. Dette må sjølvsagt ha første prioritet, slik det nye nettverket krev. Ein veit også at berre i Vestland har vanleg vedlikehald av fylkesvegane, som vi alle er daglege brukarar av, eit etterslep på minst 20 milliardar kroner. Like mykje trengst til rassikring. Og nye kostnader dukkar stadig opp.
Torsdag kunne NRK Vestland fortelje om ein ny rapport som omhandla tryggleiken i kortare tunnelar og eit milliardsluk for å gjere dei tryggare. I verste fall kan ein risikere at fleire tunnelar må stengjast, med dei alvorlege konsekvensar det får for dei som bur og ferdast her. Vegdirektør Dina Lefdal sa beint ut til allmennkringkastaren at for dei handlar det no om å prioritere dei vegane ein har, framfor å tenkje på nye og dyre prosjekt.
For miljørørsla er det sjølvsagt eit viktig poeng at dei nye, store motorvegane sluker enormt med natur. For transportnæringa er det trygge vegar som er poenget, enten ein no snakkar om vegstandarden, rassikring, skumle vegkryss eller farlege tunnelar. Då er ikkje tida det viktigaste. - Det er ikkje ferjene som er problemet. Det er på vegstrekningane mellom ferjene at våre medlemer sit med hjartet i halsen når dei køyrer her, seier Jan Ove Halsøy i Lastebilforbundet til Bergens Tidende. Det er lett å forstå.
Det nye nettverket har peika på fleire strekningar som må utbetrast. I Sogn og Fjordane gjeld det Bogstunnelen-Sunnfjord grense ved Vadheim til 1,4 milliardar kroner, Hafstadfjelltunnnelen til 4 milliardar og Byrkjelo-Sandane til 3,1 milliardar kroner. Dette er i dag dei desidert verste strekningane på E39, som sårt treng opprusting.
Vi skulle ønskje at vegriket vårt var ein godteributikk der vi kunne kome inn med lommane fulle av pengar og kjøpe alt vi ville ha. Slik er det dessverre ikkje. Vi skulle gjerne hatt ein ferjefri veg langs heile Vestlandet, i tillegg til gode og trygge fylkesvegar. Men det går ikkje opp. Sjølv om vi har råd, er det av ulike grunnar ikkje politisk vilje nok til det. Det er også slik at eit fleirtal dessverre vil prioritere store satsingar på ineffektiv togtrafikk. Dette kan ein like eller ikkje, men ein må ta omsyn til det og prioritere deretter.
Eit nytt og alvorleg bakteppe er den urolege situasjonen ute i verda, vi er heilt nøydde å ta eit skikkeleg krafttak i å ruste opp forsvaret vårt og vere budde på å sikre tryggleiken vår, koste kva det koste vil. Då må også sanselaust dyre samferdsleprosjekt vike, og vi må prioritere kvardagsvegane og tryggleiken på vegane til alle som ferdast her.
Det kan vere rett å byggje ei bru over ein fjord for å erstatte ei ferje, men då må det vere ei klar samfunnmessig lønsemd i det. No er vi i ei tid for å vere edruelege, vise magemål og nøysemd. Det vert sagt at ein har brukt to milliardar kroner berre i planlegginga av Hordfast, ein kunne ha fiksa mykje god veg berre med dei pengane.
Tida for å bygge luftslott er over, no må vi først og fremst stelle dei vegane, tunnelane og bruene vi har. Vi støttar tankegodset i den nye alliansen.