Må bruke vegmidlane fornuftig
Nyleg inviterte tankesmia "Initiativ Vest" til eit digitalt møte om "Vestlandspakkene 2050". Temaet i møtet var mellom anna framdrifta på E39-utbygginga i Sogn og Fjordane.
Tankesmia meiner at ein ved å dele opp E39 på Vestlandet i Vestlandspakke sør og Vestlandspakke nord, ved å etablere ein eigen prosjektorganisasjon som får ansvar for ei heilskapleg utbygging, lenger nedbetalingstid av bompengar og ei finansieringsløysing med lenger horisont, skal få fortgang i planane om ein ferjefri E39.
- Måla med Vestlandspakkane er at fylka og kommunane skal stå saman bak eit samla krav til staten. Vi foreslår 40 års nedbetalingstid på bompengefinansierte prosjekt. Det er 25 år meir enn kva som er praksis i dag, seier fagsjef i "Initiativ Vest", Kjetil Gillesvik, til Fjordingen. Han meiner dette vil revolusjonere vegbygginga i distrikta og gjere det mogleg å finansiere fleire av fjordkryssingane med minimale statlege bidrag.
Vår gode redaktørkollega i Fjordingen er kjapt ute med å slå fast at når Rv15 Strynefjellet no er gitt politisk prioritet og planarbeidet er godt i gang, er tida inne for å setje auka trykk på E39. - Då dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen landa E39 langs indre linje og brukryssing i Stryn, var eitt av fleire argument nettopp nærleiken til Strynefjellet og Stryn som knutepunkt både aust-vest og nord-sør, skriv han på leiarplass og viser til at Solvik-Olsen såg Rv15- og E39-prosjekta i samanheng.
Det kan vere greitt å minne om at det einaste trasévalet for ny E39 på Vestlandet som ikkje blei offentleggjort av Ketil Solvik-Olsen på ein pressekonferanse, var valet om å vrake det alternativet både fagdepartementet og kvalitetssikringsrapporten peika på, og som gav best samfunnsøkonomisk nytte: midtre linje med bru mellom Anda og Lote.
I staden gjekk regjeringa for indre linje mellom Byrkjelo og Grodås. Avgjerda blei offentleggjort av statsminister Erna Solberg sjølv i eit intervju i Aftenposten (!) om kvelden 2. pinsedag 2014, og vi har til gode å høyre den dåverande samferdsleministeren både forklare kva som skjedde i regjeringskorridorane i forkant av avgjerda og å argumentere for trasévalet.
Det kan vere bra å sjå på nye måtar å få realisert vegar på i dette landet, og det er naturleg at lokalavisa for indre Nordfjord nyttar høvet til å halde varmt det strengt tatt svært omdiskuterte valet om indre trasé med det som for oss framstår som eit luftslott av ei bru mellom Svarstad og Frøholm.
Men nye måtar å tenkje realisering av vegar på og lokalt engasjement fører ikkje automatisk til at kostbare prosjekt blir billegare eller realiserte. I siste versjon av Nasjonal Transportplan (NTP) er dei store prosjekta tona sterkt ned, og det er sett meir fokus på å ta vare på det ein har, utbetre der ein kan og å utnytte kapasiteten i eksisterande infrastruktur betre. Dette er ein klok tankegang.
Vi tvilar sterkt på at staten i overskodeleg framtid ser seg syne med å setje i gang eit vegprosjekt på eit par titals milliardar kroner i indre Nordfjord som vi kan klare oss godt utan. Når ein i tillegg veit at samferdsle på bakgrunn av dagens situasjon både internasjonalt og her heime kjem til å bli nedprioritert til fordel for Forsvar, samfunnstryggleik og handtering av ei eldrebølgje som skyl innover oss med stadig større tyngde og fart, klarer vi ikkje å tru at realisering av ei gigantbru nesten heilt i enden av ein ti mil lang fjord vil kome i prioritet.
Vi er overtydde om at det er langt meir fornuftig å bruke dei avgrensa samferdslemidlane ein har på å ruste opp dagens E39 med høgst påkrevde utbetringar i Halbrendslia, mellom Sandane og Reed, ny Lotetunnel, opprusting av tunnelane i Skredestranda og ikkje minst gjennom ei rekkje nødvendige rassikringstiltak rundt om.
Dette vil tene både den regionale trafikken og langtransporten godt, og det er realistisk å få gjort i løpet av relativt kort tid - innan fornuftige økonomiske rammer som står i stil med dei strenge prioriteringane som vil måtte gjerast i lys av det presset som vil bli på dei offentlege budsjetta i åra framover.