Skadepoliklinikken i Nordfjord: Litt å spare - mykje å tape

I styremøtet i Helse Førde 19. desember 2025 vart rapporten for «Prosjekt ortopedi» lagt fram. På bakgrunn av denne tilrår administrerande direktør å samle ortopedisk aktivitet ved Førde sentralsjukehus. Endeleg vedtak skal fattast på neste styremøte 29. januar 2026. Eit slikt vedtak vil i praksis bety nedlegging av skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus.

Saksframlegget og prosjektrapporten teiknar eit klart bilete av kva som er i emning, men rapporten er samtidig prega av vidløftige omtalar av ulike potensielt konsekvensreduserande verkemiddel. Desse verkemidla vert presenterte som noko som må utgreiast og forankrast i ein vidare prosess. Det betyr at styret vert bedt om å ta ei avgjerd om nedlegging no, medan kompenserande tiltak eventuelt kjem seinare - om dei i det heile kjem.

For utgreiing av eit mogleg tilpassa skadepoliklinisk dagtilbod ved lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjord måndag–fredag, er foreslått lagt fram for styret først i april 2026 – altså etter at ein har fatta vedtak om nedlegging. Det ligg såleis ingen reelle forpliktingar til dei tiltaka som vert drøfta i rapporten.

Vi ønskjer difor å belyse følgjene av ei nedlegging frå primærhelsetenesta sitt perspektiv, med utgangspunkt i det som står i prosjektrapporten.

Ei etablert ordning med trygg pasientflyt

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus fungerer i dag slik at fastlegar i Nordfjord kan henvise lette-moderate ortopediske skader til vurdering hjå ortopedspesialist heile døgnet. Dette gjeld pasientar fastlegar møter både på legekontor og på Nordfjord legevakt.

Ortopeden er fysisk til stades ved Nordfjord sjukehus på dagtid på vekedager og resten av døgnet, samt i helg, tilgjengeleg i vaktberedskap for utkalling ved behov. I tillegg kan fastlegar drøfte pasientkasus med ortoped på telefon og få råd om vidare plan. Dette gir ein effektiv og trygg pasientflyt, der pasienten raskt får ei spesialistvurdering med utgangspunkt i klinikk og radiologi, utan unødig forseinking.

Eit av tiltaka som vert drøfta i rapporten er kurs og opplæring for å auke akutt ortopedisk kompetanse hjå legevakt og ambulanse, slik at fleire skader kan handterast lokalt. Dette vil vere ei oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til primærhelsetenesta. Verken legekontor eller legevakta i Nordfjord er dimensjonert for dette. Kompetansen til å håndtere slike ortopediske skader hjå ein fastlege vil naturlegvis heller aldri kunne samanliknast med ein ortopedspesialist som driv med dette til dagen og får mengdetrening. Kostnaden for ei slik oppgåveoverføring er det kommunane og innbyggarane i Nordfjord som må betale, i form av meirutgifter ved omlegging og varierande behandlingskvalitet.

Ingen frå primærhelsetenesta i dei berørte kommunane har vore representert i prosjektgruppa, og det har i tidlegare dialog vore tydeleg kommunisert at kommunane og legevakta i Nordfjord ikkje kan ta ei slik omlegging som eit premiss for nedlegging.

Uønska variasjon – og ulikskap i praksis

Helse Førde framheld at eit sentralt mål er å redusere uønska variasjon, og sikre lik tilgang til kvalitet og forsvarleg behandling. Då framstår det som eit paradoks at Nordfjord skal få eit vesentleg endra akuttilbod for lette til moderate ortopediske skader, medan legevakta i Sunnfjord ligg vis-a-vis akuttmottaket ved Førde sentralsjukehus og kan halde fram å sende pasientar over gangen til skadepoliklinikken der som før.

Ei slik utvikling vil i praksis medføre ulikskap både i pasienttilbod og i rammer for akuttmedisinsk handtering, avhengig av kvar ein bur.

Betydeleg aktivitet og god beredskap

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus har stabil og betydeleg aktivitet. I 2024 hadde ein om lag 1500 øyeblikkeleg hjelp-konsultasjonar og i overkant av 1400 planlagde konsultasjonar. I tillegg kjem telefonrådgiving.

Det kan vere lett å sjå på snittet - om lag fire ØH-konsultasjonar per dag – og konkludere med at ordninga er mindre effektiv. Men beredskap kan ikkje vurderast berre ut frå snitt. Kapasiteten må vere der når behovet oppstår, også utanom kontortid, også i dei tilfella som ikkje kjem ofte, men som krev rask og trygg handtering. Dette gjelder særskilt for sårbare pasientgrupper, som skrøpelege eldre og born.

Lite netto innsparing – og stor risiko for ringverknadar

Rapporten anslår ei netto innsparing på om lag 0,5 million kroner ved å legge ned den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus.

Samstundes er det estimert auka kostnader i pasientreiser på 0,5–1,5 million kroner, samla sett for Lærdal og Nordfjord. Dette er usikre anslag, men dei understrekar at det økonomiske biletet ikkje er eintydig – og at ein liten gevinst kan bli utlikna av kostnader andre stader.

I tillegg vert ambulanseberedskapen omtala, men konsekvensane er ikkje grundig analysert. Rapporten nemner at sjølv ei mindre auke i tal oppdrag for ambulansen kan påverke beredskap og kapasitet i regionen vår. Dette burde vore analysert langt grundigare. For Nordfjord kan eitt ekstra oppdrag kveld/natt der ambulanse vert bunden til transport tur/retur Førde med ein brotskade, gi vesentleg knappare ressursar lokalt. Dette vil skape ringverknadar for drifta på Nordfjord legevakt og beredskapen i Nordfjord. Det handlar ikkje om at dette vil skje kvar dag, men om at konsekvensane kan bli store når det skjer.

Ein reell risikoanalyse før nedlegging av skadepoliklinikk i distriktet må ta opp i seg fleire perspektiv enn intern økonomi og ortopedisk behandling isolert sett.

Tiltak som framstår sjølvmotseiande

I prosjektrapporten drøftast det også at ortopediske overlegar knytt til Eid og Lærdal kan gjennomføre planlagde polikliniske konsultasjonar ved lokalsjukehusa tilsvarande 2000 konsultasjonar per år, for å redusere reisebelastninga for pasientar frå Nordfjord og Sogn.

Det framstår sjølvmotseiande at ein på den eine sida vil legge ned ei etablert og stabilt fungerande ordning ved lokalsjukehusa, samtidig som ein på den andre sida skisserer ordningar der ortopedressursar må flyttast ut frå Førde for å redusere reisebelastning og pasientreisekostnader. 

Våre tidlegare erfaringar er dessutan at slike ordningar kan bli personavhengige og sårbare over tid. Leser ein rapporten nøye er dette tiltaket også kun foreslått i ein overgangsfase.

Beslutning på uklare premiss

I framlegget til vedtak frå administrerande direktør står det at kompenserande tiltak vil kunne vege opp for negative konsekvensar, særskilt for sårbare pasientgrupper. Det er vanskeleg å forstå kvifor slike tiltak då ikkje skal vere avklart og forankra før ei nedlegging.

Vi kan naturlegvis ikkje legge oss opp i korleis Helse Førde organiserer ortopedien internt, men frå eit samhandlings- og samfunnsøkonomisk perspektiv forbauser det oss at ringverknadane for primærhelsetenesta og beredskapen ikkje vert adressert og risikovurdert grundigare før ei nedlegging av eit viktig lokalt sjukehustilbod. Dette vart også tatt opp i prosessen våren 2024, då Helse Førde fekk oversendt ei kommunal ROS-analyse. Vi kan ikkje sjå at denne er vektlagt i prosjektrapporten.

Vi forstår at framtida til skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er bekmørk når beslutninga i stor grad vert grunngitt i økonomi, og når konsekvensreduserande tiltak vert omtala utan forplikting. Men det er vanskeleg å akseptere at ei så viktig avgjerd skal takast på feil premiss.

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er eit godt eksempel på korleis ein kan drive eit godt tilpassa minimumstilbod for ortopedisk aktivitet ved eit lokalsjukehus utan ortopedisk avdeling. Den bør ikkje leggast ned, men heller fungere som ein modell for desentralisering av eit grunnleggjande helsetilbod.

Vår oppmoding er at Helse Førde heller ser på korleis ein kan auke den planlagde aktiviteten og utnytte ressursane ved lokalsjukehusa betre. Det er eit betre alternativ enn å fjerne eit stabilt og velfungerande ortopedisk tilbod, som er spesielt verdifullt for sårbare pasientgrupper i distriktet no og i framtida.

Marius Solbakken, kommuneoverlege i Stryn kommune

Rune Nordpoll, assisterande kommuneoverlege i Kinn kommune og fastlege ved Måløy legesenter

Mari Holm, tillitsvald for legane ved Nordfjord legevakt og fastlege ved Eid legekontor

Veronica Elde, medisinskfagleg rådgjevar ved Nordfjord legevakt/Stad legeteneste og fastlege ved Eid legekontor

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS