– Sett på turboen for utflytting

Store deler av arbeidslivet er snudd opp-ned etter koronakrisa. Små og store bedrifter går i raskt tempo vekk frå den gammaldagse modellen med at alle tilsette må sitje samla i store kontorbygg i dei største byane, og opnar for at folk kan arbeide desentralisert.

Tidlegare i år foreslo eg at tilsette i statsforvaltinga i Oslo bør få «flytterett til eigen jobb». Dette initiativet har Venstre følgd opp i Regjering, og har no blitt ny nasjonal politikk. I statsbudsjettet for 2022 går Regjeringa vidare, og foreslår eit tilskot på 10 millionar kroner til å utvikle lokale arbeidsfellesskap som gir statleg tilsette med staduavhengig arbeid moglegheit for å arbeide frå heile landet, samtidig som dei er del av eit arbeidsfellesskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er bra. Men det må vere berre starten på noko langt større. Staduavhengige jobbar som er kopla på lokale arbeidsfellesskap er framtidas måte å jobbe på, både for private bedrifter og for staten. Etter valet vil Venstre sette ytterlegare fart på denne omstillinga av staten. Det er både god distriktspolitikk og bra for folk flest, fordi det betyr meir fridom i eigen kvardag.

Eg vil med dette lansere tre konkrete framlegg til neste stortingsperiode:

1. Det må setjast måltal for alle statlege sentrale etatar/direktorat på kor stor del av arbeidsplassane som skal vere staduavhengige. Eit mål kan vere at i løpet av fire år skal 1/3 av alle stillingar i dei fleste statsetatar vere staduavhengige stillingar der folk kan «ta med seg jobben ut» og vere tilknytt eit arbeidsfellesskap i distrikta.

2. Ordninga med tilskot til å utvikle lokale arbeidsfellesskap der statleg tilsette kan jobbe saman på tvers av etatar, må trappast opp. Det må etablerast «Distriktshubar» for staten, evt. saman med private bedriftsmiljø, i alle bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta.

3. Det må lagast ei norm og ein plan for oppgradering av offentlege bygg i distrikta til meir moderne og fleksible løysingar – med rom for tilsette i sentralforvaltinga i Oslo som vil flytte ut.

På sikt vil dette også vere eit effektiviseringstiltak for staten, og gje betre bruk av skattebetalarane sine pengar. Staten kan utnytte at prisane på eigedom er lågare utanfor dei store byane. Staten kan bruke mindre av skattepengane på dyre kontorbygg i dei største byane, og meir til skule, barnehage og helse over heile landet.

Venstre går til val på å gi folk større fridom og meir fleksibilitet i kvardagen. Då vil ein god start vere å la folk ta med jobben sin dit dei helst ønskjer å bu.