– Senterpartiet sviktar – igjen

Senterpartiet var i valkampen svært klare på at dei ville vere garantist for at reversering av både Vestland fylke og Kinn kommune skulle ha høg prioritet etter valet. Både i media og i debattar fekk vi høyre dette. Erling Sande og andre Sp-folk stilte ofte opp med t-skjorte med «Ja til Sogn og Fjordane». Eg vart utfordra av m.a. Sande på at slik t-skjorte burde eg også få på meg.

Regjeringserklæringa frå Sp/Ap var svært skuffande då den ikkje nemner verken Vestland eller Kinn. Og svært mange, også lokale Sp-folk uttrykte både skuffelse og forbanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og støvet hadde knapt lagt seg frå den runda før vi no har vi fått endå eit døme på kva Sp si prioritering er. Sist torsdag reiste Raudt forslag i Stortinget om at det skal haldast folkerøysting både i Sogn og Fjordane/Hordaland og i Vågsøy/Flora for å undersøke innbyggarane sitt syn på om ein vil halde på dei nye eller gå tilbake til dei gamla fylka/kommunane.

Og kva gjorde Senterpartiet? Jau, dei stemde imot begge forslaga frå Raudt.