Nicolai Sandnes, leiar i Gloppen Ungdomsråd.

– Saman er vi sterke!

Innlegget til rektor ved Eid vgs, Alf Reidar Myrstad, har både overraska og skuffa mange. Når fylkeskommunen er midt i ein prosess med å omorganisere skulestrukturen og er ute etter å spare pengar, er det verste vi kan gjere å starte ein krangel skulane imellom! Eit samla Nordfjord er eit sterkt Nordfjord. Når eit samla Nordfjord har klare meiningar og ynske, er det vanskelegare for fylkeskommunen å ignorere det. Det har vi til dømes sett no nyleg i høve oppstart av tilbodet for dans og drama ved Firda vgs til hausten. Om vi står splitta kvar for oss, er det lettare for skuleeigarane å ignorere synspunkta til kvar einskild skule.

Les også
– Kan ikkje godta ytterleg reduksjon av elevtal

Å krevje og få to studieklasser på Eid, når ein ser at dei framtidige elevtala i Stad krympar, vert heilt feil. Forslaget til dei tre andre rektorane i Nordfjord er eit godt, rettferdig og gjennomtenkt forslag. Skulen med flest søkjarar, og då det beste elevgrunnlaget til ei kvar tid, får to klasser. Når ein ser dei framtidige elevtala, ser det ut som Stryn vgs er skulen som ligg best an, men det er dei aktuelle søkjartala som til ei kvar tid bør vere gjeldande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studieklassene er grunnsteinane i den vidaregåande skulen, og alle skular bør ha eit studiespesialiserande tilbod, med ein grunnleggande god lærarkompetanse som alle studietilbod ved skulen kan dra vekslar på. Ikkje berre er det bra for fagmiljøet på skulane, det er og veldig bra for elevane. Det å skulle pendle over fjorden, når ein kunne gått på skulen i heimkommunen sin er ulogisk. Om Eid vgs absolutt vil ha to studieklasser, så er det betre at dei heller fokuserer på å ha det beste tilbodet, slik at elevane vel å søkje seg til skulen. Då har ein kanskje fortent den ekstra klassa. Gamal historikk er ikkje nok.

Les også
– Raknar skulesamarbeidet i Nordfjord?

For ungdomen i Nordfjord er det viktig å ha gode skuletilbod nærast heimen sin. Ikkje alle er klare for å bu vekke frå foreldra sine, eller har lyst å bruke mange timar i busspendling i løpet av ei veke. Nei, eit spreidd tilbod med studiespesialisering på kvar skule, ein solid grunnmur, er det beste for Nordfjord! La skulane i Nordfjord stå fram som samla, einige og med ein klår felles agenda og tanke for framtida. Ikkje som navlebeskuande einingar som kun tenkjer på eiga vinning i det korte løp. Det får vi svi for i framtida, alle saman…

Vi ber om at:

- Rektor og Eid vgs stiller seg bak det samla forslaget frå dei andre skulane i Nordfjord.

- Rektor og Eid vgs tek vurderinga på nytt og kjem fram til at det beste for Nordfjord, også er det beste for Eid vgs

- Alle jobbar vidare for eit godt samarbeid og å auke søkinga til alle dei vidaregåande skulane våre.

Nicolai Sandnes, leiar i Gloppen Ungdomsråd

Lars Erik Jordanger Loen, leiar i elevrådet ved Firda vgs

Artikkelen held fram under annonsen.

Mathias Loen, leiar i Stryn Ungdomsråd

Finn Haukaas, leiar av elevrådet ved Stryn vgs

Lillian Johanne Prestvik, leiar i elevrådet ved Måløy vgs