– Raknar skulesamarbeidet i Nordfjord?

Dei vidaregåande skulane i Nordfjord har lenge samarbeidd godt om utvikling av skulane og nye tilbod til elevane i regionen. Den pågåande prosessen i fylkeskommunen med nedlegging av ei rekke tilbod, kan føre til ei øydeleggande splitting mellom skulane.

Forslaget frå eit arbeidsutval om å legge ned det studiespesialiserande tilbodet på Firda vgs. og Måløy vgs, mens Eid vgs. skal ha to parallellar i det same tilbodet, kom særs overraskande på alle i Nordfjord. Historisk sett har Firda hatt dette tilbodet i 100 år, opptil fem parallellar, mens Måløy har hatt tilbodet sidan midt på 80-talet. Vi tre, rektorane ved skulane i Måløy, Firda og Stryn, går mot forslaget og meiner at alle dei fire skulane bør ha dette grunnleggande tilbodet med allmennfag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppslag i media tyder på at Eid vgs. ikkje lenger står saman med oss om dette kravet, men vil arbeide for at flest mogleg elevar skal pendle til Nordfjordeid. Vi trur alle vil tape på ei splitting og at Nordfjord med dette blir lett bytte i den omfattande skuleprosessen som blir køyrt i heile Vestland fylkeskommune.

Dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord har fått til mykje ved å stå saman. Eit døme er fagutdanning til minoritetsspråklege vaksne, som no er utvikla ved alle dei fire skulane i regionen og har fått lovord over heile landet. Vi har og snakka ope og godt saman dei siste åra om å støtte kvarandre og stå opp for kvarandre i krevjande tider som no. Derfor er det særs skuffande at Eid vgs. etter det vi forstår no vil køyre sitt eige løp og berre argumentere for eigne interesser.

Studiespesialiserande utdanningsprogram er eit basisprogram med sentrale allmennfag som norsk, realfag, språk, økonomi, naturfag og historie og bør vere tilbod ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Det viktige er at utdanningsprogrammet er søkbart på skulen. Er det nok søkjarar til Eid vgs., minst 50 søkjarar, vil Eid vgs. få to parallellar slik det er for alle andre skular. Det er søkjartalet som gjev grunnlag for ein eller to parallellar. Dessutan går det fint med ei klasse slik 10 skular i Vestland fylke har i dag, elevane er fornøgde og skulane leverer gode resultat.

Vi er og forundra over at Eid vgs. krev å få ha to klasser i studiespesialiserande utdanningsprogram, når Stad er blant kommunane som får størst elevtalsnedgang dei ti neste åra. Fylkesdirektøren for utdanning har i sitt framlegg brukt tal frå Statistisk Sentralbyrå i sine framskrivingar av elevtal i kommunane. Dersom ein går til Grunnskulens informasjonssystem (GSI) og hentar ut dei reelle tala, det vil seie fødselstal som viser eksakt kor mange unge som kjem frå grunnskulane dei komande åra, ser det heile annleis ut (Sjå graf).

Grafen syner at Stryn har det beste elevgrunnlaget framover. Den viser og at Eid har ein relativt stor del av nedgangen i elevtal i Nordfjord. Med bakgrunn i dette er kravet om to parallellar på studiespesialiserande ved Eid vgs. urimeleg.

Vi har sagt det før og vi står framleis saman om at det skal vere studiespesialiserande tilbod ved alle dei fire vidaregåande skulane i regionen, det gjeld og Eid vgs. Om Eid finn ut at dei vil gå inn for det som resten av Nordfjord er samde om, står døra open.

Hallgeir Hansen, rektor Firda vgs

Anders Bruvoll, rektor Stryn vgs

Artikkelen held fram under annonsen.

Ellen Jåvold, rektor Måløy vgs