– Kan ikkje godta ytterleg reduksjon av elevtal

Eg set pris på at ein ønskjer å kome til semje om kva som er eit godt og bredt utdanningstilbod i Nordfjord. Men for å få til samarbeid må alle få gjennomslag for viktige prinsipp/fordeling.

Randi Humborstad/Måløy Vekst har promotert Nordfjord godt og eg har stor respekt for hennar jobb og engasjement, men ho har ikkje fått med seg alle detaljane i utviklinga av elevplasstal ved skulane. Dette fører til feilinformasjon som skaper meir splid enn samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eid vidaregåande skule ligg midt i Nordfjord og har fungert som «bufferskule» for endringar i dimensjonering sidan sist skulebruksplan vart vedteken i «gamle « Sogn og Fjordane. Frå 2014 har Eid vgs justert tal klasser og tilsette både opp og ned utan noko «støy» for å få eit godt tilbod i Nordfjord. No er der ingen buffer å ta av!

Vi er føreslått med elevtal på 330, og den semja som Måløy Vekst med fleire ønskjer seg reduserer ein Eid vgs til 240 elevplassar, ved å redusere det studiespesialiserande tilbodet på skulen. Noko som harmonerer lite med at Eid vgs ligg slik at mange kan pendle inn til eit felles tilbod for Nordfjord, og ein unngår auka hybelbuing. Eid har trass alt utvikla seg til å bli regionsenteret i Nordfjord, sjølv om det er eit mindre regionsenter enn Førde og Sogndal.

Elevplasstalet har dei siste åra vore som i tabellen under, og av den ser ein at Eid vgs har blitt redusert med 100 elevplassar frå 428 skuleåret 2021/2022 og fram til framlegget i høyringsdokumentet. Dette bør Måløy Vekst ta med seg:

Tal elevplassar ved skulane i Nordfjord
SkuleårEid vgsFirda vgsMåløy vgsStryn vgs
15/16396355314296
16/17374325323283
17/18342358331312
18/19351358337319
19/20363356331316
20/21388361343289
21/22428377362251
22/23408382373265
23/24358348360310
24/25330342387300

I «gamle» Sogn og Fjordane opererte ein med fylkesdekkande tilbod (tilbod på ein skule i fylket) og regiondekkande tilbod (tilbod som ligg på ein skule i dei tre regionane). Når elevtalsgrunnlaget går ned (mest i ytre del av Nordfjord) må ein vurdere korleis og kva som er råd å få til. Noko som fylkesdirektøren har lagt fram eit høyringsdokument på. Så må vi la dei politiske prosessane gå, framfor å «kuppe» løysingar som ikkje tener heilheita.

Rektorane har fått i oppdrag å belyse konsekvensar for eigen skule. Det er ikkje kome bestilling frå politisk leiing eller fylkesdirektør om at rektorane skal «forhandle» fram ny løysing. Og om so var, ville prosessen med høyring vere sløsing med tid og ressursar!

Eid vidaregåande skule klarer å skrive uttale om framtidig tilbodsstruktur på eiga hand om skulane rundt oss ikkje vil akseptere at det blir fast utlysing av to grupper på studiespesialiserande ved Eid vgs. Grunngjevinga er at det er to grupper studiespesialiserande historisk og i dag. Dette er og i samsvar med framlegget til fylkesdirektøren.

Det vil seie at semja må basere seg på: studiespesialiserande på alle skulane i Nordfjord med fast utlysing av to grupper ved Eid vgs.

Alf Reidar Myrstad,

Artikkelen held fram under annonsen.

rektor Eid vgs.