Det er stor fare for skog-, gras- og lyngbrann på store deler av Vestlandet denne veka. Bildet er tatt i fjor i samband med ein skogbrann i Vestby. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Stor skogbrannfare på Vestlandet

Det er sendt ut oransje farevarsel – altså stor fare – for skog-, gras- og lyngbrann i Vestland fylke og delar av Rogaland denne veka.

Mellom anna gjeld dette Førde, Bergen, Lærdal og Stavanger, viser oversiktskartet til varsom.no.

Varselet gjeld frå måndag 20. mai til laurdag 25. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlendingar som tenkjer å avslutte langhelga med grilling, bør derfor unngå tørr vegetasjon.

– Ikkje bruk eld. Følg lokale styresmakters instruksjonar. Behov for førebyggjande tiltak og beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, står det i varselet. (©NPK)