Raudt er for fred!

Dette er overskrifta på eit opprop i Klassekampen 11. januar, der over 45 Raudt-medlemer tek til orde for ei fredsløysing på krigen i Ukraina. Eg har også støtta dette oppropet.

Les også
Alternativet er utsletting

Når Torbjørn Vereide no går til frontalangrep på Raudt og nærast skuldar oss for å svikte Ukraina, må det vere mot betre vitende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre for å gjere det heilt klart: Raudt fordømmer Russland sin folkerettslege invasjon og krev at Putin trekkjer alle russiske soldatar ut av Ukraina. Raudt krev i tillegg at norske styresmakter arbeider for ei fredsløysing i Ukraina, slik FN-pakta forpliktar og slik FN sin generalsekretær ber om.

Til no har ikkje regjeringa gjort noko for å fremje ei fredsløysing, men har i staden lagt seg på Nato si linje som er å sende våpen til Ukraina. Faren er no at krigen eskalerer, med dei tapa og den lidinga det vil medføre.

Raudt har eit landsmøtevedtak på ikkje å sende våpen til land som er i krig. Internt i Raudt er det no ein diskusjon om situasjonen i Ukraina er slik at ein skal kunne overprøve dette vedtaket. Første høve til å ta dette opp er landsstyremøtet i midten av februar og dernest landsmøtet i slutten av april.

Korleis er det med landsmøtevedtak i Ap, Torbjørn Vereide? Er dette noko ein berre kan hoppe bukk over om ein finn det for godt?