Alternativet er utsletting

Som sosialdemokrat er eg ikkje i tvil om at det er riktig å støtte Ukraina med våpen. Alternativet er utsletting. Det burde også Rødt ta på alvor.

På sosiale media applauderer Synne Bjørbæk bodskapen om «at det aldri vil vere greitt for Norge å gi våpen til Ukraina».

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørbæk blir løfta fram av leiinga i Rødt til å vera den fremste personen deira i Forsvarskommisjonen. Då er det ikkje rart at folk reagerer.

Ukraina hadde tapt krigen for lenge sidan om det ikkje hadde vore for våpenstøtta. Når sentrale folk i Raudt omtaler dette som ei hypotetisk problemstilling, så blir eg forbanna.

Det her er ein kamp for demokrati og fridom. Ukraina kjempar mot ein okkupant som er nådelaus. Då kan vi ikkje sitte på sidelinja og sjå på når menneske frys i hel.

Om vi ikkje står saman med våre allierte og støtter Ukraina, vil det få katastrofale konsekvensar. Både for det Ukrainske folket og for framtida vår i Europa.

Våpenstøtte til Ukraina er nødvendig. Alternativet er utsletting.