– Nordfjord treng eit godt og variert utdanningstilbod tilpassa næringslivet sitt behov og elevane sine ønske

Som representantar for næringsliv, utvikling og rekruttering i Nordfjord er vi sterkt engasjerte i å sikre breidde i det lokale utdanningstilbodet som kan møte behova til våre unge innbyggjarar. Studiespesialisering utgjer ein vesentleg del av dette tilbodet. Det noverande tilbodet ved Måløy, Stryn, Firda og Eid vidaregåande skular har vist seg å vere avgjerande for å sikre at våre ungdommar får den relevante og høgkvalitets utdanninga dei treng for å gå vidare til høgare utdanning.

Les også
Vil fjerne studiespesialiserande frå Firda vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune har no eit forslag til ny tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane i fylket ute på høyring. I dette forslaget er det skissert å kutte studiespesialiserande ved Firda vgs. og Måløy vgs. Forslaget vil ikkje berre ha negative konsekvensar for elevane, men det vil skape ei betydeleg utfordring for næringslivet i regionen. Ved å fjerne desse tilboda risikerer ein å redusere tilgjengeleg arbeidskraft med nødvendig kompetanse, noko som kan hemme veksten og utviklinga av våre bedrifter og næringar. Studiespesialisering er starten på eit utdanningsløp som gir dei unge relevant og verdifull kompetanse for næringslivet i vår region. Dette legg grunnlaget for både heimflytting, folketalsutvikling, bustadsattraktivitet og framtidig næringsutvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Dette tilbodet kan vi ikkje misse

Å leggje ned det studiespesialiserande tilbodet ved enkelte av dei vidaregåande skulane i Nordfjord vil føre til at fleire må reise vekk og bu på hybel under utdanningsløpet på grunn av for lang avstand til skulen frå sin heimstad. Vi fryktar at ein konsekvens av dette kan verte at dei unge går glipp av nettverksbygging, arbeidserfaring og generell tilknyting til heimstaden sin, som igjen kan føre til mindre sannsyn for at dei vel å flytte heim etter enda høgare utdanning. I tillegg vil eit dårlegare studietilbod i distriktet kunne føre til at heile familiar vel å flytte vekk med omsyn til fleire valmoglegheiter for sine born.

Les også
– Studiespesialisering er viktig å ha på alle vidaregåande skular

I dag er studiespesialisering svært viktig for dei vidaregåande skulane i Nordfjord, både med omsyn til elevane som søkjer seg til dette tilbodet, men også for dei andre tilboda ved skulane. Eit sterkt fagmiljø rundt studiespesialisering som sikrar høg kvalitet i utdanninga er viktig for det samla utdanningstilbodet ved skulane. Vi fryktar at kutt i studiespesialisering vil svekke både fagmiljø og kvalitet i andre fellesfag, og på sikt gjere fleire utdanningstilbod mindre attraktive i vår region. Vi meiner at søkjartal til studieførebuande tilbod bør vere avgjerande for vurderinga av fleire klassar ved dei ulike skulane. Dette vil ta i vare elevane sine eigne ønskjer, samt ei rekke av fylkeskommunen sine eigne prinsipp for tilbodsstrukturen i Vestland.

Les også
– Alle skulane i Nordfjord må ha éi klasse studiespesialisering

Vi oppmodar dykk difor inderleg til å revurdere forslaget som er lagt fram, og i staden arbeide for å styrke og oppretthalde studiespesialiserande tilbod ved alle dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord. Det er berre gjennom å sikre ein brei og mangfaldig utdanningssektor at vi kan legge til rette for ei berekraftig og framgangsrik framtid for vår region.

Skrivet er støtta av:

Nordfjordakademiet

Nordfjord opplæringskontor

Stryn Næringssamskipnad

Gloppen Næringsorganisasjon

Artikkelen held fram under annonsen.

Bremanger Næringsråd

Måløy Vekst

Les også
Ein ufråvikeleg premiss for semje
Les også
– Å støtte flytting av tilbud til Eid er ikke en invitasjon til samarbeid i Nordfjord
Les også
Sp er klare for å kjempe for Firda
Les også
– Eit breitt tilbod på Firda vgs gjeld meir enn skule