– Studiespesialisering er viktig å ha på alle vidaregåande skular

Onsdag 06.03 fekk dei vidaregåande skulane i fylket lagt fram skuleadministrasjonen i Vestland fylkeskommune sitt forslag til ny tilbodsstruktur i vidaregåande skular i Vestland. Her er det fleire forslag som vil råke mange skular, også Firda vgs. Forslaget som vil råke Firda vgs mest, er forslaget om å legge ned utdanningsprogrammet studiespesialisering her på skulen. Dette er vi i klubben til Utdanningsforbundet på Firda vgs sterkt imot, og det er det gode grunnar til at fleire bør vere.

Firda vgs har ein 100 år lang tradisjon med å førebu elevar til vidare studiar gjennom studieførebuande linjer som idrettsfag, musikk, dans og drama, og studiespesialisering. Det er flott og viktig at vi får behalde dei andre linjene, men det er nødvendig at vi får behalde studiespesialisering òg. Det sterke fagmiljøet på studiespesialisering på skulen har stor betydning for solide og gode fagmiljø i fellesfag for alle elevar på skulen. Dette er viktig å ta vare på, ikkje bygge ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studiespesialisering er viktig å ha på alle vidaregåande skular. Der er eit stort fokus i landet på yrkesfag, og dette er sjølvsagt veldig viktig, og i forslaget som vart lagt fram i dag vert helse og omsorg lagt inn som eit nytt tilbod for VG1 og VG2 på Firda vgs. Dette er kjempebra, og vi er veldig positive til dette. Men, kommunen vår, og landet elles treng også lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar, advokatar osv. Difor treng vi programmet studiespesialisering og det sterke fagmiljøet som følgjer med dette.

Mange frå ungdomsskulen i Gloppen vel studiespesialisering. Tala på søkarar for neste skuleår viser at 33 ungdommar ønsker å starte på vg1 studiespesialisering på Firda vgs til hausten. I forslaget lagt fram vil ungdom frå Gloppen måtte reise ut av bygda for å få eit tilbod dei no har på Sandane. Dette verkar heilt meiningslaust når vi har kompetansen, lokala, lang erfaring og eit breitt tilbod av programfag på studiespesialisering på plass på Firda vgs.

Forslaget om å legge ned studiespesialisering på Firda strid med bakgrunnen for og prinsippa i ein ny tilbodsstruktur. For det første, kor mykje pengar er det eigentleg å hente i å flytte studiespesialiserande klasser til andre skular i same region? I tillegg står det i prinsipp for ny tilbodsstruktur: «I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde». Korleis kan dei då foreslå at elevar på Firda ikkje skal ha tilgang til studiespesialisering, som er og vert eit tilbod på nesten alle skular i heile fylket? Dette er viktig ikkje berre for Firda, men for lokalsamfunnet og ungdommen.

Det er viktig å hugse at dette er eit forslag, men det er avgjerande at fleire blir med på kampen om å jobbe imot dette forslaget og kjempe om å få behalde studiespesialiseringsklasser på Firda vgs. Dette vil gagne skulen, lokalmiljøet og ikkje minst elevane. No er saka i politikarane sine hender, vi ber dei difor inderleg om å prioritere elevplassane på Firda. Prioritere at Firda får behalde studiespesialisering. Prioritere ungdommen.

Utdanningsforbundet,

klubben ved Firda vgs