– Synergiane ved å ha eit sterkt fagmiljø på så mange felt som mogleg på Firda er viktig for oss som skule, og ikkje minst som arbeidsplass, skriv rektor ved Nordfjord folkehøgskule, Hildegunn Gjesdal Tennebø.

– Eit breitt tilbod på Firda vgs gjeld meir enn skule

Firda vgs seier om seg sjølv: «Meir enn ein skule!». Det har ein gjennom over hundre år vist i praksis ved grundig fagleg arbeid, investering i bygg og ikkje minst bygging av unge menneske i formande år. Det er ein innsats det står stor respekt av.

Å ha eit breitt tilbod på Firda vgs, som også inkluderer studiespesialisering, gjeld imidlertid også noko langt meir enn nettopp skule. Det er slikt som aukar bulyst for både heimatt-flyttarar og nytilflyttarar, og som gjev trua på at distrikta kan skape attraktive faglege miljø både å lære og arbeide i.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Nordfjord folkehøgskule har vi kvart år fulle hus av ungdomar frå heile landet. Mange av desse får eit første møte med distrikts-Norge, og vi veit at opplevinga av eit bygdesamfunn med varierte moglegheiter kan få desse til å etablere seg på sikt. Dette har allereie skjedd gjennom fleire tiår.

For dei familiane som står på vippen til å skulle reise eller bli, kan nettopp slike faktorar som fagtilbod verte tunga på vektskåla i den store rekneskapen. Synergiane ved å ha eit sterkt fagmiljø på så mange felt som mogleg på Firda er viktig for oss som skule, og ikkje minst som arbeidsplass.

Det å kutte i tilbodet truar difor fleire element i vårt lokalmiljø enn berre ein skule.

Urimelegheita i at Firda vgs igjen skal få eit stort kutt, som ved førre skulebruksplan, gjer at høyringsmoglegheita må brukast godt av alle som får høve til å uttale seg. Og det openberre målet må vere å behalde så mykje breidde som mogleg på ein svært god skule.

Hildegunn Gj. Tennebø,

rektor Nordfjord folkehøgskule