No må Stad skipstunnel byggjast
Regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett er ein kalddusj for alle som har kjempa for Stad skipstunnel. At det er sett av 0 kroner til prosjektet, er skuffande, men dessverre ikkje overraskande.
Regjeringa prøver nok ein gong å snakke ned Stad skipstunnel som sløsing, men dette er ikkje sløsing. Det handlar om tryggleik, sikre regularitet for sjøtransport, styrke beredskapen langs kysten, legge til rette for grøn transport og utvikle kystsamfunn og næringsliv.
For Venstre er det viktig å vere tydeleg på at Stad skipstunnel skal byggast. Dette er eit nasjonalt tryggings- og infrastrukturtiltak for sjøtransporten langs kysten og eit framtidsretta prosjekt for næringsliv og beredskap.
Stad er eit av dei mest vêrharde og farlege havstrekka langs norskekysten. I rundt 100 dagar kvart år er forholda så krevjande at mange skip må vente på betre vêr. Utfordringa handlar ikkje berre om vind, men om kraftige bølgjeforhold.
Det finst mange krevjande havområde langs kysten, men berre ved Stad finst det ei realistisk alternativ løysing. Difor har prosjektet også fått brei støtte gjennom mange år.
Stad skipstunnel handlar ikkje berre om tryggleik til sjøs. Prosjektet betyr også utvikling og framtidstru for kystsamfunna.
Ansvaret ligg no hos dei andre partia på Stortinget. Dei må vise politisk mot og handlekraft der regjeringa sviktar. Oppstartsmidlar må på plass i revidert nasjonalbudsjett i år.
Annika Brandal Møre og Romsdal Venstre
Torstein Tvinnereim Vestland Venstre