Når ungdommen seier nei, svarer ja-partia med stillheit

Ei ny EU-måling viser at ja-sida går fram, men eitt faktum står framleis fast: Det er fleirtal mot norsk EU-medlemskap. Endå meir talande er det at ungdommen er den tydelegaste nei-gruppa. Heile 55 prosent av dei under 30 år ville stemt nei. Likevel er det nettopp denne gruppa dei EU-positive partia konsekvent vel å oversjå.

Høgre, Venstre, MDG og Arbeidarpartiet snakkar varmt om EU som om det er ei universalløysing. Dei lovar grøne jobbar, meir samarbeid og større påverknad. Men når ein skrapar litt i overflata, handlar EU-medlemskap om noko heilt anna: meir makt til Brussel – og mindre til Noreg.

Det er lett å vere EU-venleg frå kontor i Oslo. Det er vanskelegare å forklare kvifor norske fiskarar, bønder og industrimiljø i distrikta skal gi frå seg styringa over eigne ressursar. At ja-sida er sterkast i hovudstaden, medan motstanden er størst blant unge og i distrikta, er ikkje tilfeldig. Det seier mykje om kven EU tener best.

Arbeidarpartiet kallar seg eit folkeparti, men har i praksis blitt eit EU-parti. Høgre snakkar om nasjonal kontroll, samstundes som dei vil melde oss inn i eit system der vi mister nettopp det. Venstre og MDG sel EU inn som eit miljøprosjekt, men gløymer å nemne at Noreg allereie fører ein langt meir ambisiøs klima- og miljøpolitikk enn mange EU-land, heilt utan medlemskap.

Som leiar i Sogn og Fjordane FpU meiner eg det er på høg tid å stille ja-partia til ansvar. Kvifor er dei så ivrige etter å flytte makt vekk frå norske veljarar? Kvifor er dei meir opptekne av å tilpasse seg EU enn å utvikle Noreg på eigne premissar?

FpU er for frihandel, samarbeid og openheit. Difor støttar vi EØS-avtalen. Men EU-medlemskap er eit heilt anna steg, eit steg som vil binde Noreg tettare til eit politisk system vi ikkje kan styre fullt ut. Det er ikkje liberalt. Det er ikkje framtidsretta. Og det er i alle fall ikkje noko ungdommen ber om.

Når dei EU-positive partia no feirar framgang på målingane, bør dei stoppe opp og sjå kven dei faktisk manglar støtte frå. For framtida til Noreg blir ikkje avgjort av dei som ser bakover, men av ungdommen som skal leve med konsekvensane.

Ungdommen har forstått det ja-partia nektar å innsjå.

Odd Andre Olsen,

leiar i Sogn & Fjordane FpU

Powered by Labrador CMS