
Morlaus kalv
Ei kolle med kalv går og beitar i li, dei høyrer saman dei to,
kalven smyg tett inntil mor si, som om han alt forstod.
_
Det smell i skot så det ramlar i fjell, og bandet mellom dei to blir brutt,
for kalven er det trygge livet med omsorg over når mora fell, for henne er livet slutt.
_
No går han einsam i heia, i haustleg og gulnande li
og følger den same leia han vandra med mora si.
_
Han går der og leitar som om det gjaldt å finne det tapte spor,
han verar i lufta og ser overalt, og ropar sårt etter mor.
_
Åleine mot vinter og snø, han sturar i kalde natt,
når våren kjem er han truleg død, livet som morlaus er hardt.
_
Til deg som er med i eit jaktvald og jaktar i skogane no,
gløym ikkje jegerens klare moral - LA MORDYR MED KALV GÅ I RO.
Jenny Rolness