Eplebløming på Gloppestad. Foto: Kari Gloppestad.

Mai byr på mange flotte motiv

Lesarane våre har knipsa mange blinkskot i vårmånaden. Har du fleire?

Publisert Sist oppdatert

Det grønast, lufta er frisk og snøen innser at han er nøydd til å sleppe taket. Blomane strekkjer seg med framtidstru opp mot himmelen og lyset, og både to-og firbeinte går med litt lettare steg i denne dronninga av vårmånadane; mai. 

Har du eit bilete som symboliserer våren på sitt vakraste? Eller har du eit kvardagsbilete i mai som du gjerne vil dele med oss? 

Send oss bileta dine, då vel!

Vi tar imot anten på e-post: redaksjon@firdatidend.no eller som MMS på tlf.:  970 76 670. 

Her er eit knippe av dei vi har fått: 

Grandeparken 18. mai. Foto: Randi Gloppestad Isane.
- Sauene har det fint. Fjellbeitet ventar ei stund til, skriv fotograf Jan Asle Bolset.
Utsikt frå Arnestadfjellet. Foto: Eva Fitje Holme.
Gult er kult, slår Tordis Sande fast etter å ha fotografert denne løvetannenga på Sande på Sørstranda.
16. mai på Andenes. Foto: Annette Holvik.
Blank fjord med Sørstranda i bakgrunnen. Foto: Kari Gloppestad.
Tid for frukbløming i Gloppen. Foto: Margunn Gloppestad.
Det vårast på Støyvastøylen. Foto: Eva Fitje Holme.
Fin mai-dag på Sørstranda. Foto: Tordis Signe Sande.
Blomstrande epletre på Hauge 12. mai. Foto: Kari Gloppestad.
Raud gravenstein. Foto: Kari Gloppestad.
Soloppgang på Reed. Foto: Anne Kristoffersen Vereide.

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS