Kultur – meir enn berre dei på scena

Etter fleire år med pandemi har endeleg kulturlivet vakna igjen. Men såra etter pandemien er store og det finst hol i produksjonslinja etter pandemien. For det er ikkje slik at ein kulturproduksjon berre tel dei på scena, det er som regel dobbelt så mange med for å skape magien vi ofte opplever under eit godt kulturarrangement. Dessverre slutta mange av desse under pandemien då dei stod utan arbeid. No treng vi påfyll.

Les også
Frårår å starte opp to tilbod ved Firda vgs. til hausten

Svært mange av desse «usynlege» arbeidarane har gått på musikk-, dans- og dramalinjer rundt om i landet. Det er her dei har lært om produksjon og alt som skal til for å få til eit godt arrangement. No er dei tilbake som frivillige eller som profesjonelle. Nokre på scena, men like mange bak. Dei er med og skapar arrangementa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Firda-rektoren: – Vi mobiliserer

Ein snakkar gjerne om at ein treng folk til industrien. Kva med kulturindustrien? Det er ein av dei største industriane i Europa og generer enorme summar. Berre i Nordfjord er det snakk om over 100 millionar i året. Så kjem alt som ein generer rundt desse arrangementa. Eit forsiktig anslag er å gange opp omsetnad med tre. Då er vi oppe i 300 millionar berre i Nordfjord. Dette er omsetnad som går til hotellovernatting, mat, transport og andre tenester, og som igjen generer skatteinntekter. Dette er viktig verdiskaping i små lokalsamfunn som i tillegg gir oss gode kulturopplevingar.

Les også
– Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket

Som kulturhusleiar har eg vore heldig å møte mange tidlegare elevar på scena i kulturhuset. Nokre saman med kjende artistar, andre på scena med Riksteatret saman med kjende skodespelarar. Nokre er komne med eigne band, eller skapar proffe dansekurs for barn og unge. Men mange har eg også møtt i like viktige roller bak scena. På Malakoff møtte eg ein tidlegare elev som hadde lydproduksjonen på festivalen. Andre elevar har skapt teatermagien i Dale. Nokre møter eg som «kulturbyråkrat» i fylkeskommunen, andre arbeidar i kulturrådet. Breidda i kulturlivet er stort, og vi treng dei alle etter vanskelege år.

Les også
– Høgre vil starte opp vg1 dans og drama

Eg er overtydd om at du ikkje blir ein dårlegare førskulelærar av å ha gått dramalinja. Eller ein dårlegare ergoterapeut av å ha gått danselinja. Alle kan ikkje bli utøvande artistar. Men ballasten dei har med seg gjev eit viktig bidrag til det lokale kulturlivet, både på og bak scena. Vi treng den kompetansen. Fordi kulturlivet er med og skapar bulyst, attraktivitet, samhald og mangfald. Mykje av det gjort på dugnad, men som likevel skapar store ringverknader for samfunnet. Også økonomisk.

Les også
– Til barrikadane for kunstfaga!

Dette må vi ta vare på og satse på.

Ola Tarjei Kroken,

kulturhusleiar

Les også
– Dans og drama kan no ikkje vere så viktig?
Les også
– Utan dans og drama er ikkje Firda meir enn ein skule