
KrF må vere tru mot sidemålskarakteren
Før stortingsvalet for fire år sidan sa eg med bakgrunn i stortingsvalprogrammet at «KrF har alltid vore ein trygg og solid støttespelar for nynorsken, og det er partiet òg denne gongen». No er eg meir usikker.
Eit mindretal i programkomiteen vil rokke ved sidemålet sin plass i skulen. Landsmøtet denne helga skal ta stilling til ein dissens om ein heilt grunnleggjande del av sidemålsordninga: korleis elevane blir vurderte, i dag gjennom eigen karakter i skriftleg sidemål. Det er avgjerande viktig at landsmøtet slår fast at elevane skal få vurdert kompetansen sin i sidemål, og at dette skal synleggjerast på vitnemålet. Å ha ein eigen karakter i sidemål viser at bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg. Det er ei konkret og tydeleg stadfesting av språkleg likestilling. Å fjerne karakteren vil sende eit signal om at sidemålet tel mindre - og slik svekkje både likestillinga og respekten for mindretalsspråket nynorsk. Eigen karakter i sidemål styrkjer også sjølve opplæringa. Når elevane får ei sjølvstendig vurdering i sidemål, får dei betre tilbakemelding på utviklinga si, og opplæringa blir meir strukturert og forpliktande – både for lærarar og elevar. Det aukar læringsutbyttet og motiverer elevane til å gjere ein innsats. Dette er særleg viktig i ein karakterstyrt skulekvardag.
KrF skriv i programutkastet sitt at «et språk i mindretallsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter.» Dette viser at KrF forstår at det er ulike vilkår for dei to språka våre – og at det krev politisk handling å jamne ut forskjellane.
Difor håpar Mållaget at KrF ikkje svekkjer sidemålsordninga i same programmet og med det skrotar sidemålsordninga slik vi kjenner henne. Om noko, bør ordninga forbetrast. Vi veit mykje om kva som skal til for å auke kompetansen i og haldningane til nynorsk: tidleg start med sidemål slike læreplanane ynskjer, betre og meir engasjerande undervisning og lærarar som kjenner seg trygge på å undervise i og på nynorsk.
Alt ligg til rette for at KrF framleis kan vere ein nøkkelalliert for nynorsken i norsk politikk. Det er særleg viktig om det blir eit borgarleg fleirtal. Men då må landsmøtet våge å stå på mindretalet si side – og ikkje svekkje eit av dei viktigaste verkemidla for språkleg likestilling i skulen.
Peder Lofnes Hauge,
leiar i Noregs Mållag