– Har du meldt overgang til Raudt, Bjørnar Skjæran?

Måtte gni meg ekstra i auga i dag tidleg då eg såg innlegget frå nestleiar i Ap, Bjørnar Skjæran. Full frys i leiarløner, stopp i bonusfestar på toppen og utbyttestopp i bedrifter som får koronastønad. Skilnadane må ned i samfunnet. Trudde eit augeblikk at det var ein annan Bjørnar sitt innlegg. Står dette til truande eller er det berre valflesk skal demme opp for Raudt sin framgang?

«Arbeiderpartiet har tatt til orde for et enkelt prinsipp under pandemien: At de som mottar krisestøtte fra fellesskapet må avstå fra utbytte og bonusutbetaling. Dessverre har høyrepartiene konsekvent avvist dette.» Nei, dette er det ikkje Ap som har tatt til orde for. Det var Raudt som foreslo dette og Ap har gått imot dette heile vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så nemner Skjæran politikarlønene som eit anna døme på at det har gått feil veg. Dette har Raudt peika på lenge og teke til orde for at dei skal ned. Raudt har foreslått dette i Stortinget. Det er jo hinsides at folkevalde skal tene dobbelt og tredobbelt så mykje som det folket dei skal representere. Kva har Ap gjort? Stemt imot! Det er faktisk berre Raudt som har gått inn for dette i Stortinget. Alle andre parti har stemt imot dette forslaget frå Raudt! Raudt foreslår det same i kommunestyre og fylkesting. Ap går som regel imot. Eg vil nødig skjere alle over ein kam og har ikkje full oversikt over alle kommunestyre. Difor kan det sjølvsagt finnast unntak. Men inntrykket er klart. Ap er med på pengegaloppen.

Det er viktig å ta inn over seg at skilnadane i Noreg har auka dei siste 30 åra og det byrjar bli ei tilsløring av røyndomen å beskrive samfunnet vårt på den måten Skjæran gjer i innlegget sitt: «Noe av det fineste med Norge er at vi er et land der forskjellene er små og mulighetene store for alle.» Statistisk Sentralbyrå har nyleg påvist at kvar femte krone i Noreg går til den rikaste 1%. Det er på linje med USA. Faktum er at dagens oppveksande generasjon er den første på hundre år som kan rekne med ikkje å få det betre enn foreldregenerasjonen sin.

Det er sjølvsagt veldig kjekt dersom Ap no går inn for raudare politikk enn dei har ført fram til no. Men dette er jo også noko vi har sett før, at Ap blir raudare i valkampane. Mange av oss hugsar godt dei friske lovnadane frå Stoltenberg-regjeringa då dei lanserte at dei skulle avskaffe fattigdomen i Noreg i løpet av fire år. Var vel ikkje akkurat slik det gjekk. Det er ikkje nok med ei ny regjering. Vi må ha ny retning i politikken også. Skal vi få det til, må vi nok ha eit sterkt Raudt på Stortinget. Elles er det nok fare for at det meste blir gløymt så snart valet er over.