Sko i eit bustadområde i Sevilla. Foto: Kari-Ann Søreide.

God 8. mars - gratulerer med kvinnedagen

«Kvinna i bagasjerommet»

Det er BT som har denne tittelen på ein podkast som avisa laga om kvinna som blei funne i ein utbrend bil i Øygarden kommune. I januar i fjor blei nemleg den 33 år gamle tobarnsmora Tina Solberg funne død i bagasjerommet på den utbrende bilen deira.

Kva med drapsmannen? 

Han hadde lite å seie til sitt forsvar. Han snakka om tablettar, rus og traumer. Og han meinte det var mest synd på seg sjølv, han rasjonaliserte vekk handlingane sine, og nedtona dei.

Lite kunnskap 

Det viser seg at vi har for lite kunnskap om dei som utøver partnervold. Det skuldast ofte at det sit langt inne for gjerningsmennene å beskrive sine eigne straffbare handlingar, og at sympatien med dei som er offer er mykje større. Det er lettare å forstå og hjelpe dei. Men dei som utøver vold er og sårbare og treng hjelp. Mange har vore utsette for overgrep og vold i barndommen; det er dette dei veit om og kan, så det blir for enkelt å demonisere dei. Men dei treng hjelp!

Eit klasseproblem? 

Delvis. Partnervold skjer mest i grupper med dårlege sosioøkonomiske kår. Mange av dei som utøver volden er arbeidslause eller mottek sosialhjelp. Kvinner med innvandrarbakgrunn er dessverre oftare utsette for vold enn den generelle delen av befolkninga. Men partnervold rammar ikkje berre folk frå tronge kår. Det er blitt eit stort folkehelseproblem, seier dei som arbeider på krisesenter rundt om. I Florø er det eit krisesenter for kvinner og barn, det er også eit krisesenter for menn, og i Førde er det overgrepsmottak. Dette er gratis, og du kan vere der så lenge du vil. Så her er det hjelp å få.

Leo og dei farlege 

Kva er det som får nokon til å utøve fysisk vold mot kone, kjærast, barn, foreldre osv? Vi veit ikkje. Leo Ajkic hadde sist haust ein serie; Leo og dei farlege, der han blant anna snakka snakka med livstidsfangar i eit fengsel i England, og dei fortalde kva dei hadde gjort. Ein hadde drepe faren sin, ein annan broren. Han snakka også med ei gruppe engelske forskarar, og dei hadde ei slags «forklaring» på kva det kunne vere. Dei kalla det «konebanking». Dette gjekk ut på at når personen sjølv hadde tapt ein fotballkamp, var det tid for «konebanking» då han kom heim. Vi veit at dei spelar mykje fotball i England, men dette er vel litt drygt? Alle påstod at dette var sant, og at det var smittsomt.

Raude sko og raude roser 

I fjor var eg på ferie i Spania i november, eg skulle besøke nokre vener som bur der. Vi reiste litt rundt, og då vi kom til Sevilla, såg vi til vår forbauselse at i dei fleste gatene sto det raude sko og innimellom raude roser. Oppe i kvar sko var ein liten lapp med namn og alder på ei kvinne eller eit barn. Verst var det å sjå barnesko. Denne dagen var ein merkedag/minnedag for dei kvinnene og barna som var drepne av mannen/faren det siste året. Dagen var 24. november. Denne minnedagen blir markert kvart år denne datoen. Det var ei sterk markering, og folk lista seg forsiktig forbi. Andre spanske byar gjer det samme denne dagen.

Vald i nære relasjoner har auka veldig i Spania dei siste åra. Ein kan håpe at ny merksemd kan få fart på innsatsen for dei som er ramma.

Eit lyspunkt til slutt

Stine Reksten frå Førde, 30 år, blei seksuelt misbrukt av ein utanbys serieovergripar frå ho var 12 til ho var 16 år. Til slutt tok ho mot til seg og begynte å samle bevis for kva som hadde skjedd desse åra, og ho melde saka til politiet. I 2020 måtte mannen møte i tingretten i Førde. Etter ei lang rettsak blei han dømt på alle punkt, og fekk 12 års fengel for overgrep mot til saman fem unge jenter.

Etter rettssaka skreiv Stine boka «Jakten på ein serieovergripar». Boka har selt veldig godt, også i utlandet, og i fleire europeiske land låg den på toppen av salslistene.

Firda-lesarane har også sett pris på Stine. I 2023 blei ho nomineret og valgt til «Årets sunnfjording». Stine er no blitt ei offentleg stemme i kampen mot seksuelle overgrep. Gratulerer, Stine, vi heiar på deg!

Kari-Ann Søreide, 

feminist og pensjonist

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS