
EU er i kampmodus – når skal Noreg kvesse klimaklørne?
Det er tre år sidan Grøn bok blei lansert. No er det på høg tid at regjeringa fyller sitt viktigaste klimadokument med konkrete tiltak som kan sikre norsk konkurransekraft og kutte utslepp.
Grøn bok blir lagt fram kvart år saman med statsbudsjettet, og er eit nyttig verktøy for å synleggjere status i klimapolitikken. Diverre har ikkje Grøn bok enno blitt det ho også skulle og burde vere: ein plan for korleis Noreg skal klare å omstille industrien, kutte klimautslepp og sikre grøn konkurransekraft.
I år er det verkeleg på høg tid at regjeringa fyller sitt viktigaste klimadokument med innhald. Vi treng ein plan med konkrete svar, mellom anna på desse spørsmåla:
- Korleis skal vi lukkast med energieffektivisering?
- Korleis skal vi få fart på utbygginga av fornybar kraft?
- Korleis skal dei store utsleppa kuttast i tide i industrien?
- Korleis skal tempoet haldast oppe i utbygging av havvind?
- Korleis kan vi få meir klimapolitikk ut av CO₂-avgifta, og samstundes sikre at norske vekstbedrifter ikkje forsvinn ut av landet?
Over 70 prosent av eksporten vår går til Europa, og EU er med det vår største kunde. Denne månaden heldt EU-president Ursula von der Leyen sin State of the Union-tale, der vegen vidare og hovudprioriteringane for EU blei staka ut.
Ho seier det rett ut: EU er i kampmodus, og lanserer ei rekkje tiltak for å ruste og styrke europeiske bedrifter i konkurransen mot kinesiske og amerikanske selskap. Klimamåla skal nåast ved å auke takta i utbygginga av fornybar kraft. EU skal forenkle regelverk og oppgradere kapasiteten i straumnettet. I tillegg varslar dei tiltak som skal støtte rein teknologi, innovasjon og industri.
EU sin plan står i sterk kontrast til valkampen her heime. Få parti – om nokon – har svar på korleis Noreg skal kutte utslepp og sikre konkurransekraft i ei tid der produksjonen frå olje og gass etter kvart vil bli redusert.
Allereie no ser vi tydelege teikn på at vi går nye tider i møte. Oljeservicebedriftene melder om færre oppdrag i Agder, over 300 tilsette ved Rosenberg Worley i Rogaland står i fare for å miste jobben, og fleire verft langs vestlandskysten melder om nesten tomme ordrebøker frå slutten av 2026.
I Noreg handlar debatten mykje om skal vi ha havvind eller ikkje. Ei ny rapport viser at vi allereie har 6000 arbeidsplassar knytte til havvind! Så mykje som 800 selskap med oppdrag innan havvind har ein samla omsetnad på 44 milliardar kroner.
Desse satsingane og arbeidsplassane er ikkje noko subsidiesluk, men har vakse fram fordi bedrifter nyttar omstilling og miljøvenlege produkt som eit konkurransefortrinn.
NHO sin rapport Vegen til vekst – kva no, Noreg viser at Noreg taper terreng mot Europa, USA og Kina på mange område, mellom anna innan innovasjonsevne og energiomstilling.
Vi er langt forbi punktet der vi berre kan snakke om behovet for grøn omstilling. No må vi sjå konkrete tiltak og handling. Vi må finne ut kva vi skal leve av etter olje og gass. Reisa har så vidt starta, men må no kome tydeleg fram i statsbudsjettet.
Helene Frihammer,
regiondirektør NHO Vestland