– Det «kokar» i lærarstanden

Til Fylkesdirektøren og til hovudutvalet for opplæring og kompetanse:

Har vi mista målet om å bli “landets beste skule” ut av sikte?

Det sit langt inne for oss tillitsvalde på dei vidaregåande skulane i gamle Sogn og Fjordane å vende oss til dykk, men dei økonomiske utsiktene for skulane i Vestland gjer at vi ser vi oss nøydde til å seie tydeleg ifrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den nye budsjettfordelingsmodellen er det foreslått kutt på funksjonar som vil ramme den gode oppfølginga av elevane som vi i gamle Sogn og Fjordane har vore vande med. Det vil bli færre delingstimar i fag, kutt i kontaktlærarfunksjonen, miljøkoordinator og e-pedagog, i tillegg til ein betrakteleg redusert leiingsressurs. At budsjettfordelingsmodellen ikkje tar høgde for framtidige årlege kutt, gjer situasjonen enda meir prekær.

Begeret for oss tillitsvalde rann over då vi nyleg fekk vite at det blei foreslått å kutte den andre kontaktlærarressursen på vg2 og vg3, utan noka form for drøfting eller høyring. Nesten som i ei bisetning, skal det fjernast ei ordning som elevane i Sogn og Fjordane i lang tid har nytt svært godt av. Det «kokar» i lærarstanden rundt omkring på skulane våre! Lærarane uttrykker ein avmaktsfølelse, og saknar gode prosessar der dei bli høyrde. Dei nærmast bombarderer oss tillitsvalde med argument som støttar opp om to-kontaktlærarordninga:

• Tett oppfølging av elevane. Kontaktlærarar er navet i all kontakt mellom skule og elev. Dei koordinerer ikkje berre informasjon frå skulen, men også oppfølging i andre instansar, som PPT, psykisk helse, rådgjeving, føresette, med meir. Viss koronatida har vore bra for noko, så er det at den har vist oss kor essensiell elevoppfølging gjennom kontaktlærarane og støtteapparatet har vore og er.

• Psykisk helse. To-kontaktlærar-ordninga er ein styrke for eleven, klassa og læraren. Den er med på å styrke profesjonsfellesskapet og betydninga for den psykiske helsa i skulen kan ikkje overvurderast. Kva vil kostnaden for samfunnet bli dersom elevar ikkje får den oppfølginga dei treng både fagleg, sosialt og med tanke på helse?

• Gjennomføring. Her har SFJ vore i landstoppen. Det er paradoksalt at Vestland har målsetjing om å auke gjennomføringa når ein tek vekk ressursar til "førstelinjekontakt "mot elevar.

• Eit attraktivt læraryrke? Når kontaktlæraren nr. 2 blir kutta ut, men arbeidsoppgåvene består utan nokon form for endring i kompensasjonen, har læraren to val: la det gå ut over oppfølging av elevane eller slite seg ut i form av gratisarbeid. Lærarane vil alltid yte sitt beste for elevane, og dei veit at det å vere kontaktlærar i periodar kan vere svært krevjande. Men aukande belastning som kontaktlærar i kombinasjonen med at ein tøyer strikken på fleire andre område kan føre til at lærarar ser seg om etter anna arbeid. Vi har ikkje ein einaste lærar å miste!

Vi har høyrt argumentet om at skulane sjølve har høve til å omprioritere midlane sine. Dette handlingsrommet på den enkelte skulen har dessverre krympa betydeleg, og med den nye budsjettfordelingsmodellen og ytterlegare kutt held det på til å bli ikkje-eksisterande. Ein får berre så vidt gjort unna dei heilt naudsynte og lovpålagte oppgåvene. Vi tillitsvalde nord i fylket føler at fallhøgda for våre skular ekstra høg. Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane kunne vise til svært gode resultat og ein høgare gjennomføringsgrad enn elles i landet. Det byrjar å demre for oss at ein av grunnane til suksessen har vore ein vilje blant politikarar og administrasjon som har skjønt at toppkvalitet har sin pris.

Vi har på ingen måte til hensikt å rotte oss saman her i nord. Tvert imot ønsker vi å vere konstruktive, men samtidig vil vi vere heile klare: dei planlagde sparetiltaka vil mest truleg gå ut over kvaliteten på oppfølginga av elevane, og føresetnaden deira for gjennomføring! Både tillitsvalde og lærarar er klare til brette opp ermane for å bygge den «Beste skulen i landet». Dessverre kan vi ikkje sjå at dei overordna målsetjingane heng godt nok saman med den praksisen som det blir lagt opp til ute i skulane. Kanskje hadde det vore meir ærleg for politikarane og fylkesadministrasjonen å innsjå at skulen ein legg opp til etter at sparekniven har fått råde i beste fall vert «ein heilt ok skule»? Det er ikkje for seint å gjere om på prioriteringane. Vi ber om at argumenta frå lærarane nord i fylket blir lytta til, og at vi framover i større grad får oppleve viljen til å bygge ein god skule saman, i heile fylket. Vi er klare til å ta vår del av ansvaret, for elevens beste!

Artikkelen held fram under annonsen.

Med venleg helsing

Utdanningsforbundet sine tillitsvalde på dei vidaregåande skule nord i fylket (tidlegare Sogn og Fjordane), 27. april 2021

Sabine Exner, tillitsvald på Firda VGS, Sandane

Cecilie Fotland, tillitsvald på Stryn VGS

Anita Hunvik, tillitsvald på Eid VGS, Nordfjordeid

Amalie Alsaker Hopland, tillitsvald på Måløy VGS, Måløy

Inger Ane Svardal, tillitsvald på Flora VGS, Florø

Jon Arild Halland, tillitsvald på Hafstad VGS, Førde

Margunn Hope Hjartholm Dyrdal, tillitsvald på Mo og Øyrane VGS, Førde

Ingrid Rivedal Yndestad, tillitsvald på Dale VGS, Dale i Sunnfjord

Kari Margrete Fardal, tillitsvald på Sogndal VGS, Sogndal

Nina Jevnaker, tillitsvald på Årdal VGS, Årdal

Daniel Longfellow, tillitsvald på Høyanger VGS, Høyanger