
- Det er alvor no, Lillestøl
Ein av dei berande ideane til Donald Trump sin sjefsideolog, Steve Bannon, er det han kallar «Flood the zone». Det betyr å slenge ut flest mulig løgnaktige og rabiate påstander i ein kontinuerleg straum, slik at folk flest ikkje klarer å ta stilling til kva som er sant og kva som verkeleg skjer «i ly av skitt-straumen».
Denne «Flood the zone»-metoden beherskar Frp sin toppkandidat og Trump-beundrar Stig Even Lillestøl til fulle, skal ein døme etter svaret han gir i Firda Tidend 4/3 på mitt innlegg der eg stiller han nokre enkle spørsmål om hans syn på Donald Trump.
Dei spørsmåla lar han vere å svare på, og kjem i staden med ein lang tirade løgner og anklager retta mot både meg og toppkandidatane til Ap, Høgre og Sp i Sogn og Fjordane, og der Frp-Lillestøl tilsynelatande overhovud ikkje har tatt inn over seg at den sikkerhetspolitiske situasjonen i Europa er i dramatisk endring.
Så eg skal gjenta mine heilt konkrete spørsmål til Lillestøl, og gi han ein ny sjans til å svare:
· Jublar du enno for Donald Trump og er enig med 90% av politikken hans, slik du var i november?
· Meiner du framleis at Trump «gir håp»?
· Er det å røyste på Frp framleis å røyste på ein ny kulturell og politisk allianse leia an av «Donald Trump, Viktor Orban og Sylvi Listhaug», slik du meinte i november?
No held det ikkje lenger med å slenge ut lettvinte skuldingar mot andre og dra det klassiske innvandrarkortet, Lillestøl. No må du forholde deg til at din store helt Donald Trump er i ferd med å bryte ned dei 80 år gamle banda mellom USA og Europa, falle Ukraina og vår fridom i ryggen på det grovaste – og oppføre seg som leiar for ein mafiaorganisasjon, ikkje som leiar for den frie verda.
Kort sagt: No er det alvor. Slutt med ordleik og billig skuleval-retorikk. Fortel om du omsider har skjønt at dine autoritære heltar Donald Trump og Victor Orban utgjer trugsmål mot vår fridom vi må stå saman mot – ikkje hylle og beundre slik du til no har gjort.
Alfred Bjørlo,
stortingsrepresentant for Venstre