Den første i ny drakt

Du har kanskje merka det allereie, at det er noko som ikkje er «likt seg» med dagens utgåve av Firda Tidend? Det har du heilt rett i. Avisa i dag er den første i ny drakt, men om drakta er ny, er dei store linene i innhaldet dei same som før: lokale nyhende og reportasjar frå Gloppen og Jølster, annonsar, pressemeldingar, lesarinnlegg, kryssord, «Før i verda», radio- og TV-program og diverse småstoff frå fjern og nær.

Men du finn ikkje alt på dei same plassane i avisa som tidlegare. Den største endringa er at stoff som før var plassert på side tre, no er flytta heilt bak under vignetten «Folk og familie». På desse sidene vil du finne mellom anna dødsannonsar, spalta «Det meiner andre», teikneserie, informasjon om tidevatn og sol, i tillegg til lesarbilete og meldingar av ymse slag. Eit anna grep vi har gjort, er at alle helsingar i samband med runde dagar, bryllaup, dåp, sølv- og gullbryllaup og andre viktige hendingar i livet, no er gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den historiske spalta «Før i verda», som står på trykk kvar fredag, har fått to sider mot éi tidlegare. Dette gjev høve til å presentere bilete frå tidlegare tider på ein betre måte, og ein får plass til mellom anna annonsar som var trykte i lokalavisa for nokre tiår sidan. Det er artig å sjå kva varer det lokale næringslivet annonserte før i verda, og ikkje minst korleis det blei gjort. Vi oppmodar lesarane om å sende inn gamle bilete, helst med ein forklarande tekst. Det er mange som er interesserte i si eiga og vår felles fortid, og gjennom lokalavisa når ein mange.

Av og til må ein gjere forandring for forandringa si skuld, andre tider er forandring heilt nødvendig for å skape utvikling. Det vi no har gjort med papirutgåva/e-avisa, er ein kombinasjon av dette. Det er mange år sidan sist vi gjorde større endringar i utsjånaden på avisa, og slik sett er tida moden for å gjere det. Samstundes er den nye drakta eit signal til abonnentar, annonsørar og alle andre som har eit forhold til Firda Tidend om at vi ønskjer å utvikle oss og gå framtida offensivt i møte.

Sjølv om meir og meir skjer på digitale flater, er det mange som er svært glade i papirutgåva, og denne er framleis ein av berebjelkane for dei fleste lokale mediehus i landet vårt. Slik sett er det heilt på sin plass at vi gjev denne eit ansiktsløft. Også i tida framover skal vi gjere det vi kan for å lage ei god og leseverdig papiravis, samstundes som vi sjølvsagt skal vere aktive på nett for å gje lesarane dei siste nyhenda frå dekningsområdet vårt.

Takk til alle som gjennom å annonsere i, abonnere på og lese Firda Tidend gjer det mogleg for oss å gje ut ei lokalavis for bygdene i Gloppen og Jølster. Kvar dag arbeider vi for å gje dykk eit best mogleg produkt. Vi håpar de vil vere med oss også i tida framover.