Elias Eide.

- Den beste tida i livet er over

Vi har alle høyrt det: Studietida er den beste tida i livet. Vi må hugse å nyte den. Men plutseleg er den slutt. Kva no?

Eg er ganske sikker på at alle som har studert hugsar første dagen dei satt sine bein på universitetet eller høgskulen. Magen fylt med ein blanding av forventningar, bekymring og nervøsitet. Åra som ventar som student kjennes uendeleg lange ut, det er neppe nokon som stressar over at studietida vil gå over så fort.

Kjem eg til å trivast i ein ny by? Vil eg få meg nye venner? Kjem eg til å bestå eksamen? 

Og vil eg sakne mamma?

For dei fleste er det ein innkøyringsperiode før ein finn rytmen i den nye kvardagen. Mykje skal lærast; alt i frå klesvask til å finne fram på campus. Det skal lesast, festast og alt det andre som den nye studentkvardagen inneber. Heime sitter det kanskje bekymra foreldre med høge skuldrar, som berre må finne seg i å ikkje få telefon heim fleire gongar om dagen. 

Plutseleg fell brikkene på plass, og studentkvardagen går sin gang. Du kjem deg gjennom dei første eksamenane, det blir juleferie. Heime går dei vaksne sine historier frå studietida på repeat for n-te gong. Frå at det var skummelt å flytte ut heimanfrå, er det for dei fleste godt å reise tilbake til hybelen eller kollektivet når ferien er over. Så kjem våren, nye eksamenar og då har plutseleg første året ferdig. Men det er framleis laaang tid igjen. 

Studietida har sjølvsagt både opp- og nedturar. Kanskje er faga ikkje heilt slik ein trudde, stemninga i kollektivet ikkje like god som i starten eller at været i studentbyen nesten ikkje er til å leve med. Det finst mange historier om folk som ikkje finn seg til rette, men heldigvis er det klart flest solskinshistorier. 

I innspurtståka med masteren, kom plutseleg invitasjonen til avslutningssermonien. Då slo det meg kva som er i ferd med å skje. Studietida, som skulle vare så uendeleg lenge, er snart over. Lånekassen skal ikkje lenger betale ut, men krevje inn. Eg har kjøpt mitt siste månadskort med studentrabatt. No byrjar det verkelege vaksenlivet.

Alle bekymringane den nye studenten hadde den første dagen er vekke. Det gjekk bra, og vel så det. 

Samtidig startar tankeprossessen om det «nye» livet som ligg framføre, med alle nye bekymringar det inneber. Brått tar eg meg sjølv i å tenke: har eg ikkje lært nokon ting? Det meste av stresset og bekymringane var jo heilt forgjeves. Alt skulle ordne seg. 

Den beste tida i livet er kanskje over. Det er også tida med knekkebrød og nudlar til middag, eksamensnervane og dei umenneskelege opptakskrava til linjeforeininga. 

I staden er det plutseleg eg som sit rundt middagsbordet og fortel dei same studenthistoriene igjen, og igjen. Kanskje ikkje vaksenlivet blir så verst likevel?

For ordens skuld: underteikna er fylkespolitikar for Høgre i Vestland og står på stortingslista for Høgre i Sogn og Fjordane.

Elias Eide, 

snart sivilingeniør

 

Powered by Labrador CMS