Steinar trollbatt publikum

Steinar Engelbrektson sytte for ei svært så triveleg stund for dei frammøtte då han presenterte slagerar og gode historier for dei frammøtte i Sandane sentrum fredag føremiddag.

Konserten var ein del av serien «Lønsjkonserten», arrangert av Gloppen Pensjonistlag i samarbeid med Gloppen Helselag og Kultur til folket.

Konserten skulle eigentleg finne stad inne i Gloppebua, men i det strålande vêret blei ord og tonar framførte under open himmel – til glede både for dei som kom eins ærend for å få med seg det tillyste arrangementet og for dei som var tilfeldig forbipasserande.