Glopparen Eivind Kandal er mellom deltakarane på Opera Nordfjord og operasjef Kari Standal Pavelich sin konsert til inntekt for TV-aksjonen. Arkivfoto.

Kyrkjekonsert til inntekt for TV-Aksjonen

I «alle år» har Opera Nordfjord invitert til konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen. I år stiller solistar og musikarar frå operaen igjen opp gratis for å glede Nordfjord-publikumet torsdag 8. oktober.

Tv-aksjonen går i år går til WWF, Verdens naturfond, som er ein av verdas største miljøorganisasjonar og som arbeider for å stanse dagens naturøydeleggingar og skape ei framtid der menneske lever i harmoni med naturen.

WWF er til stades i meir enn hundre land og samarbeider tett med lokalbefolkning og andre organisasjonar over heile verda. Målet med arbeidet er å beskytte naturen, stanse tapet av artar og kjempe mot forureining og forsøpling.

Hav, skog, ferskvatn, mat og dyr er naturressursar verda er avhengig av. WWF arbeider for å bremse klimaendringane og sikre berekraftig bruk av fornybare ressursar. Organisasjonen ønskjer å sikre ei levande jord også for framtidige generasjonar.

– Repertoaret på konserten vert svært variert og spenner frå songinnslag av solistane til forskjellige kammerensemble. Espen Langvik, som spelarhovudrolla i «Mannen frå La Mancha», stiller sjølvsagt, og vi kan allereie no garantere reprise på Den fåfengde draumen (The Impossible Dream)! Fleire hugsar sikkert Trond Gudevold sine flotte tolkingar av «Ol’Man River» på fleire av desse konsertane tidlegare år; i år er han tilbake med ny tolking. Ingrid Horvei Lyslo og Benjamin Søreide er begge klassiske gitaristar og ein del av operaorkesteret i år – dei byr på fleire innslag med gitaren som soloinstrument og som akkompagnement, skriv Opera Nordfjord i ei pressemelding.

Det er fri entré, men det vert høve til å gje ei gåve ved utgangen. Alle aktørane stiller opp gratis, og det er fri husleige, så kvar krone som kjem inn går uavkorta til TV-Aksjonen og Verdens naturfond.

– Velkomen til vakre ord og tonar og balsam for sjela i haustmørkret - arrangøren lovar at Nordfjordsongen med Eivind Kandal står på repertoaret også i år, skriv Opera Nordfjord.